Høgdepunkt på Hardangervidda Vest

Fellestur

Fra dato
8. august kl. 07:40
Til dato
11. august
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Trolltunga, Hadlaskard, Hårteigen
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, Fellestur
Turområde
Hardangervidda (se kart)
Turkode
221

Har du vore på Hardangervidda og sett majestetiske Hårteigen i det fjerne, og lurt på korleis utsikten er? Eller ennå ikkje fått tatt det (nesten obligatoriske) biletet på Trolltunga? På denne turen har du sjansen, i løpet av 4 dagar på vakre Vestvidda - kontrastene sitt rike med flate vidder og bratte fjellsider, der frodige dalar møter steinur, og der du kjem frå vandring i einsam majestet til eit brått møte med masseturismen.

Turen passar for deg som er turvant og har god turform.

Turrute: Hjølmo - Hadlaskard - Litlos (via Hårteigen) - Tyssevassbu til Odda (via Trolltunga)

Oppmøtested: Bergen jernbanestasjon
Oppmøtetidspunkt: 07:40
Avreise: Med tog fra Bergen kl 07:57 til Voss, buss vidare til Øvre Eidfjord. Innleigd drosje frå Øvre Eidfjord til Hjølmo

Turbeskrivelse
Turen startar ved Hjølmo i Øvre Eidfjord og inn Veigdalen til Hadlaskard. Allereie på veg innover fyrste dagen kan me sjå karakteristiske Hårteigen som viser veg. Neste dag er Hårteigen fyrste mål, som kan nås med grei klyving opp eit gjel på austsida (så framt vær og fysisk form tillet det). På fine dagar er utsikta spektakulær og ein kan sjå både Hardangerjøkulen, Folgefonna og Gaustadtoppen, samt store delar av Hardangervidda. Etter Hårteigen går me vidare til Litlos. Neste dag fylgjer me Hardingslepa til Tyssevassbu, og siste dagen går me frå Tyssevassbu og ned til Trolltunga som heng 700 meter over Ringedalsvatnet. Også her er det spektakulær utsikt, over Ringedalsvatnet og mot Folgefonna. Siste etappe går ned frå Trolltunga og til Skjeggedal og deretter med buss tilbake til Bergen (minibuss ned til Tyssedal, rutebuss/tog til Bergen)

Torsdag: Hjølmo til Hadlaskard (sjølvbetjent hytte): ca 20 km 

Turen startar på Hjølmo i Øvre Eidfjord og fylgjer elva Veig innover frodige Veigdalen til BHT si store sjølvbetjente hytte Hadlaskard. På vegen passerer me Vivelid fjellstove og den private turisthytta Hedlo.

Fredag:. Hadlaskard via Hårteigen til Litlos (betjent hytte): ca 22km + bestigning av Hårteigen

Dag 2 startar me relativt tidlig og går mot sør/sørvest og let «den store grå vegvisaren» (Hårteigen) vise veg. Turen går på fin sti med lett stigning i starten, og vert noko brattare jo nærmare Hårteigen me kjem. Det er ca 9km og 500 høgdemeter til foten av Hårteigen. Så framt vær og fysisk form tillet det tek me turen opp på Hårteigen. Det er grei klyving opp eit gjel på austsida av fjellet (ca 200 høgdemeter opp og ned, me kan legge att ryggsekkane ved den T-merka stien). Etter at dagens fyrste mål er nådd går me vidare på fin sti som stort sett går slakt nedover til betjente Litlos, og kan glede oss til å få servert god, heimelaga 3-retters middag og kanskje me til og med kan spandere på oss ein dusj..? 

Lørdag: Litlos - Tyssevassbu (sjølvbetjent hytte): ca 20km

Denne dagen fylgjer me Hardingslepa frå Litlos til Tyssevassbu. «Slepene» er gamle ferdselsvegar som går over vidda, og hardingslepa var i tidligare tider forbindelsesvegen mellom Hardanger og Rauland i Telemark. Turen går fyrst relativt flatt inn Sledalen. Her kan det vere vått, så gode fjellsko og eventuelt gamasjar kan vere å anbefale. Me går forbi mange fine vatn, og etterkvart kjem me over i eit villare og meir steinete terreng fram til Tyssevassbu. 

Tyssevassbu er sjølvbetjent (DNT Oslo), og er ein av få sjølvbetjente hytter med innlagt straum. Hytta har berre 12 sengeplasser, så det er ein risiko for at einaste ledige soveplass er på madrass eller sofabenk i stova. På grunn av sengekapasiteten oppfordrar me også dei som har ein lett sommarsovepose og/eller liggeunderlag til å ta det med. Men som alltid er det alltid plass til alle på ei DNT-hytte!

Søndag: Tyssevassbu - Trolltunga - Skjeggedal (24 km)

På den siste dagen startar me igjen tidlig frå Tyssevassbu for å forsøke å rekke fram til Trolltunga før turiststraumen. Turen startar i det villaste og mest krevande terrenget så langt, men dette er også kanskje ein av dei flottaste delane av turen. Stimerking er ikkje alltid like tydelig og det er fleire elvar som må kryssast, så me reknar god tid (3-3,5 timar). Me tar ein matpause litt før me kjem fram til Trolltunga, dagens hovedmål. 

Kontrasten er stor når ville, vakre vestvidda møter masseturismen på verdenskjente Trolltunga. Med mindre fotokøen er altfor, altfor lang så tar me oss tid til at me også får tatt det kjende biletet utpå steinen som heng 700 meter over Ringedalsvatnet. Siste etappe går ned til Skjeggedal, og i kontrast til fyrste etappe denne dagen er stien no lett å finne og fint tilrettelagt. Men også dette er ein meget flott tur, og det er lett å forstå kvifor heile verda kjem hit for å gå nettopp denne turen!

Mat: Niste og drikke til torsdag ordnar den enkelte med sjølv. Middag og frukost og eventuelt niste frå proviantlager på Hadlaskard. Fredag vert det god og heimelaga 3-retters middag med lokale råvarer på Litlos. Laurdag får me god frukost og smører oss matpakke, før me går vidare til Tyssevassbu. Middag og frukost fra proviantlager på Tyssevassbu. All mat er inkludert, unntatt niste fyrste dag og snacks (ta evt med brød om ynskjeleg – dette fins normalt ikkje på proviantlager). Ta med rikelig med snacks, nøtter og liknande.
 

Hjemreise: Buss frå Skjeggedal. Rutebuss (930) frå Odda 20:40 til Bergen 23:25 (via Jondal).

UtstyrSe utstyrsliste for sommerfjellet
Det er anbefalt å ta med gåstavar og gamasjar (det er ein del elver som skal kryssast, og ein del høgdemeter nedover siste dag). Gode fjellsko med støtte på ankelen (ikkje låge turjoggesko). 


Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: kr 2730,- for medlemmer, kr 3430,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Dette inkluderar overnatting (3 netter), godkjent DNT-Turleiar, sikkerhetsutstyr, alle måltid inkl.middag og frukost, samt innleid buss til Hjølmo og buss frå Skjeggedal til Odda. Reise med tog/rutebuss kjem i tillegg og vert betalt av kvar enkelt deltakar.

 Kart: Kart og turutstyr kan kjøpes i tursenteret i Marken. Rabatterte priser for medlemmer.

Spørsmål? har du spørsmål kontakt Bergen og Hordaland Turlag på e-post birgithe.roald(at)dnt.no eller på tlf: 55335822. 

Høgdepunkt på Hardangervidda Vest

Har du vore på Hardangervidda og sett majestetiske Hårteigen i det fjerne, og lurt på korleis utsikten er? Eller ennå ikkje fått tatt det (nesten obligatoriske) biletet på Trolltunga? På ...

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turledere:

  • Ragnhild Haugse
  • Espen Skotheim

Annonse