Laurdagskveld på Gullhorgabu (25-35 år)

Fellestur

Fra dato
26. januar 2019 kl. 08:15
Til dato
27. januar 2019
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Skitur, Vintertur, Gullhorgabu, Bergsdalen, Aktivitet Skitur
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, DNT ung Bergen , Fellestur
Turkode
202

Bli med på vintertur til Gullhorgabu og opplev tida kor lyset er spesielt vakkert, mørket kjem tidleg og gleda for ei koseleg, varm hytte er stor.

Oppmøtestad: ADO Arena (sørsida av busstasjonen)
Oppmøtetidspunkt: Kl 08:15
Transport: Vi satsar på samkjøring, og ved påmelding blir du derfor bedt om å svare på om du kan stille med bil eller treng nokon å sitte på med. Alle passasjerer tar med kr. 200,- i kontanter til sjåføren. 

Turledere: Sigrid (nr. 908 50 308) og Kari (nr. 984 07 267)

Turbeskriving: 

Turen er for personar mellom 25-35 år.

Laurdagen går vi frå Småbrekke til Gullhorgabu. Vi spenner på oss skia langs riksvegen og går langs Småbrekkevatnet. Herfra bærer det oppover i litt bratt stigning før vi renn ned til Moastølen. Vidare stig terrenget slakt og jamnt oppover mot Grågavltjørnane. Fra Storlitjørna går ruta hovudsakeleg langs sommartraseen, men dette vil kunne variere noko avhengig av snøforholda. Det meste av turen er gjort når vi når Høgda, og vi stakar oss ned til den flotte hytta Gullhorgabu. 

Turen går i ein av dei mørkaste månadane, noko som gjer det enda koseligare og fyre i hytta, tenne lys og samlast rundt eit godt måltid. 

Turen har ein lengde på 7,2 km kvar veg, og vi bereknar ca. 4 timar inn til hytta på laurdagen. Turen startar på 532 moh og Gullhorgabu ligg på 855 moh.

Søndagen returnerer vi same vegen tilbake. 

Gradering: Turen er for deg som har erfaring med å gå fjellskitur med sekk i 4 timar, både oppover og nedover. Ring turleiar dersom du lurar på om turen er for deg.

Mat: Ta med eigen lunsj til laurdag. Vi bruker proviantlageret til frokost og lunsj søndag, men ta med brød dersom du ønskjer dette framfor knekkebrød/havregraut. Turleiarar handlar inn til middag, så berekn litt plass i sekken til dette.

Heimreise: Vi planlegg å vere tilbake i byen om lag kl 17:00.

UtstyrSjå utstyrsliste for vinterfjellet

Pris: kr  725,- for medlemmer, kr 1425,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. 

Generelle vilkår:Les vilkårene ved påmelding.

Kart: Anbefalt Turkart "Kvamskogen og Bergsdalen 1:50 000". Kart og turutstyr kan kjøpes i Tusenteret vårt i Marken. Rabatterte priser for medlemmar. 
 

Spørsmål? Kontakt Bergen og Hordaland Turlag på e-post: birgithe.roald@dnt.no eller på tlf: 55 33 58 21

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turledere:

  • Kari Halland
  • Sigrid Kvåle Myksvoll

Annonse