Avlyst Kajakk, yoga, meditasjon og tapas i det fri

Fellestur

Dato
7. mai kl. 17:00 - 22:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Padletur, Yoga, Kajakk, Meditasjon, Havkajakk, Tapas
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, Fellestur , ReigstadUnlimited
Turområde
Nordhordland (se kart)
Turkode
9
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. vind og lav temperatur

Vi har den glede å tilby ein heilt ny form for padletur, nemleg ein padletur der vi går i land på ein øde holme og har yoga og meditasjon på svabergene! Etterpå spiser vi eit herleg tapasmåltid før vi padler tilbake!

Oppmøte: Turen starter frå øya Misje nord på Sotra. Misje ligg omlag 40 minutters kjøring frå Bergen sentrum. Følg rv 555 vestover til Ågotnes og fortsett cirka 7 kilometer i retning Øygarden. Ta av til høgre ved Misje-skiltet rett etter Solsviksundet bru, og følg Gamlevegen. Du kjører først langs eit ferskvatn og får etterkvart parkeringsplassen til Misje skule på høgre hand. Her kan dere parkere, og her venter vi på dere sånn at vi sammen går til fots dei 300 metrane til naustet (ligg mellom Gamlevegen 119 og 123). Naustet har oppvarming, toalett og det står eit blått beachflagg utanfor.

Oppmøtetid: Kl 17. Arrangementet avsluttes i naustet kl 22.

Turen er lagt til den idylliske skjærgården vest på Sotra slik at padlinga og yogarunden blir preget av masse himmel, masse lys, lyder av fugl og hav, vind i håret og sjelefred når man ser ut der himmel møter hav. Denne ettermiddagen skal vi koble av frå kvardagslogistikken, nyte eigentid, vi skal dele en ny opplevelse som få har prøvd, og fylle på med glede og energi. Intet mindre!

Har du aldri padla i kajakk før? Eller ikkje prøvt yoga? Ingen problem, Karen er yogainstruktør og Laila er kajakkinstruktør så du blir ivaretatt uansett bakgrunn! Vi gir deg opplæring og personleg tilbakemelding underveis. Sett av denne ettermiddagen til deg sjølv. Ein tur ute mellom holmane vest mot havet gir eit avslappande pusterom. Velkommen til aktivitet og god mat!

Ta med følgende utstyr: Langt ullundertøy, vindtett jakke/bukse, yogatøy, sko til padling og evt sko til yoga, ekstra fleece/genser/jakke, lue, fullt klesskifte, håndkle, vannflaske og sitteunderlag.

Turen kan bli utsatt dersom det er masse vind eller regn.

Deltakeravgift: Medlem kr 1250,- Ikke-medlem kr 1550,- Bli medlem - Meld deg inn!  2 timer i kajakken med sertifisert kajakkinstruktør. Lån av stabil havkajakk, padleåre og flytevest. 2 timer yoga&meditasjon med sertifisert yogalærer, yogamatte pluss utstyr. Tapasmåltid med varm drikke. Tallerken, kopp, bestikk. Oppstart og avslutning i naust med toalett. Arrangementet varer i totalt fem timer, fra kl 17-22.

Generelle vilkår gjelder ved påmelding: Les generelle vilkår!

Spørsmål? Har du spørsmål, kontakt Bergen og Hordaland Turlag på e-post birgithe.roald(at)dnt.no eller på tlf: 55335822.

Kajakk, yoga, meditasjon og tapas i det fri

Vi har den glede å tilby ein heilt ny form for padletur, nemleg ein padletur der vi går i land på ein øde holme og har yoga og meditasjon på ...

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turleder:

  • Camilla Sagen-Hafstad

Annonse