Fjellveko 2019: Lange sommardagar på Hardangervidda (25-35 år)

Velkommen til Fjellveko 2019! Turen går frå Finse i nord til Lågaros i aust til Hadlaskard og Veigdalen i vest. Det blir lange dagsetappar, god mat på fine hytter, sosialt og morosamt fellesskap, moderat fare for gnagsår, høg risiko for kalde bad og nye venner. 

Dette blir ein grand tour på Hardangervidda. Alle delane av vidda er med, frå karrige Finse i nord, via dei slake viddene i aust, til det frodige og varierte terrenget mot vest. Turen krev at du er i god fysisk form, og særleg at du har erfaring med lengre turar over fleire dagar, ikkje minst at sko og utstyr er velkjent og utprøvd. 

Oppmøte: Bergen jernbanestasjon kl. 07.40, for avreise med tog kl. 07.57 til Finse kl. 10.17 

Turbeskrivelse:

Mandag: Den første etappen går til Krækkja turisthytte. Krækkja er den eldste hytta på Hardangervidda, bygt i 1879. Hardangerjøkulen ligg på høgre hand, og etter kvart har me den i ryggen. Etappen er ca. 24 km, me reknar 8 timar.

Tirsdag: Frå Krækkja går turen til Halne som ligg ved Riksveg 7 (ca. 5 km). Der tek me båten Halnekongen kl. 1100 over Halnefjorden, ei dryg mil søraustover. Derfrå er det ca. 13 km sørover til den betjente turisthytta Rauhelleren som ligg ved Langesjøen. Terrenget er lettgått og ope, og me reknar inntil 7 timar samla på denne dagsetappen. Framme på Rauhelleren er det mogleg å leiga kano; me får tid til ein padletur før middag.

Onsdag: På vegen frå Rauhelleren til den sjølvbetjente hytta Lågaros kjem me langt aust og endå lengre sør på Vidda. Dagsetappen er ca. 21 km, og me reknar ca. 7 timar. Det er ikkje meir enn 350 meter stigning over heile dagen, så her vil kilometrane gå fort unna. Me forsøkjer å leggja turen innom ein av dei opne steinbuene på Vidda for lunsj. Framme på Lågaros tek me mat frå sjølvbetjeningslageret, men har – som alltid – trerettars middag.

Torsdag: Dette blir «kongeetappen» når det kjem til lengde. Frå Lågaros og vestover til den betjente hytta Besso er det ca. 28 kilometer, og me reknar 8-9 timar. Framme på Besso – som er ei tradisjonsrik hytte kjent for god og lokal mat – får me godt mogleg fisk frå Nordmannslågen og meieriprodukt frå kyrne som beitar ved Besso om sommaren.

Fredag: No ligg vestvidda for våre føter. Me får Låghellernuten og Store Grananutane i blikkfeltet, og går gjennom Låghellerskaret og til Hallaskar, og derfrå 400 meter ned til Bergen og Hordaland Turlag si sjølvbetjente hytte Hadlaskard. Her er me øvst i Veigdalen, og det er frodig, fredfyllt og flott. Denne dagen kan me laga litt variasjonar på turen, alt etter vêr og føre, kor den lengste varianten er ca. 24 km og tek ca. 8 timar.

Lørdag: På Hadlaskard skal me bu til søndag, så denne dagen lagar me ein passe lang rundtur derfrå. Den stolte Hårteigen (1690 moh) er eit mogleg turmål ved godt vêr, kor ein har vid utsikt etter ei bratt oppstigning. Andre fine turmål er Torehytten, Viersdalen, Fogerliga eller Finnabu. Landskapet er frodig og variert, og det har vore rikt med stølsdrift her gjennom tidene. Kanskje vil nokon ha ein kviledag, og då er Hadlaskard akkurat rette plassen.

Søndag:Me smører ei god niste av nybaka rundstykke på Hadlaskard og legg i veg på avslutningsetappen. Den går i den frodige Veigdalen, via fjellgardane på Vivelid. Mot slutten av etappen får me med oss Valursfossen og utsikta bratt ned i Valurdsdalen, før minibussen hentar oss på Hjølmo kl. 1700. Etappen er ca. 18 km, og tek 7 timar. Returen er med buss til Voss (frå Eidfjord kl. 1800) og deretter med tog til Bergen kl. 1938, framme kl. 2101.

Hjemreise: minibussen hentar oss på Hjølmo kl. 1600. Transport videre er med rutebuss til Voss (frå Eidfjord kl. 1800) og deretter med tog til Bergen kl. 1938, framme kl. 2101.

Utstyr:Se turlagets pakkeliste for sommerfjellet. Husk bikinien/badebuksa! Kart og turutstyr kan kjøpes i Tursenteret i Marken. Rabatterte priser for medlemmer

Mat: All mat er inkludert, unntagen matpakke første dagen. Hver enkelt sørger for mulepose/ tursnacks. 

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår 

Pris: kr 5240,- for medlemmer, kr 5940,- for ikke-medlemmer. Bli DNT-medlem. Dette inkluderer alle overnattinger og måltider, godkjente DNT-Turledere, sikkerhetsutstyr. Tre-retters middag og frokost med matpakke og termos på de betjente hyttene: Krækkja, Rauhelleren og Besso. Måltider fra proviantlageret på Lågaros og Hadlaskard. Reise med innleid minibuss fra Hjølmo til Eidfjord er inkludert i prisen. Reise med rutebuss og tog kommer i tillegg og betales av hver enkelt deltaker.



(fellestur)

Fjellveko 2019: Lange sommardagar på Hardangervidda (25-35 år)

Velkommen til Fjellveko 2019! Turen går frå Finse i nord til Lågaros i aust til Hadlaskard og Veigdalen i vest. Det blir lange dagsetappar, god mat på fine hytter, sosialt ...

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turledere:

  • Erlend Baldersheim
  • Thomas Nordin

Annonse