Påsketur på Hardangervidda (16-30 år)

Fellestur

Fra dato
13. april 2019 kl. 08:00
Til dato
17. april 2019
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Fellestur, Skitur, Fjelltur, Singeltur, Hyttetur, Orientering, Ekspedisjon, Ukestur
Arrangører
DNT ung Bergen, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Hardangervidda (se kart)
Turkode
522

Denne påska går DNT ung Bergen-turen over Hardangervidda vest. Her blir det mykje påskestemning med herleg natur. Vi kjem til å bevege oss gjennom nokon spennande og mindre brukte områder av Hardangervidda som byr på flotte opplevingar.

Årets påsketur blir ein tradisjonell hytte-til-hytte tur. Vi skal innom hyttene Middalsbu, Litlos, Torehytta og Stavali. Dette blir ein tur med ein god del skigåing, men samtidig er det mykje fokus på å ha ein triveleg tur med mykje påskestemning. Det vert definitivt ei påske utanom det vanlege og ein du neppe kjem til å gløyme med det fyrste. Det er mykje å lære om Hardangervidda og utfordringane står i kø om du er interessert.

Dato: 13.-17.april 

Oppmøte: Bergen busstasjon perrong (? kl. ?? 

Retur: ?? 

Dag 1 – Laurdag 13. april

Røldal – Middalsbu

Vi møtast tidleg på Bergen busstasjonen kor det blir buss til turstart. Turen startar ved Valledalen i Røldal. Fyrste etappe er på rundt 15 km på ein snødekka veg. Dette er ein mindre brukt inngangsport til Hardangervidda og er flott til å koma seg opp på fjellet med. Turen startar med ein del stigning før det går bratt ned igjen. Vidare går turen på den snødekka vegen inn til Middalsbu, ei triveleg hytte vi skal kose oss på. Det blir ekstra god middag fyrste kvelden.

Dag 2 – Søndag 14. april

Middalsbu – Litlos

Dagens etappe er lang og har ein del stigning, spesielt i starten. Etappen er på rundt 20 km. Dalføret den går gjennom er likevel svært vakkert og fredeleg. Du kan sjå fram til ei varm hytte og herleg mat på slutten av dagen.

Dag 3 – Måndag 15. april

Litlos – Torehytta

Dette er ein forholdsvis kort tur. Frå Litlos går det ein del oppover før terrenget snur og det går ned nord-vestover. Utsikta er flott og vi kjem nesten heilt bort til Hårteigen. Framfor oss ventar ei triveleg hytte. Om føret er bra og beina gode er det ingenting i vegen for å ta nokon avstikkarar. Ellers vert det litt ekstra kortspel og solbærtoddy på hytta.

Dag 4 – Tysdag 16. april

Torehytta – Stavali

Dette er ein veldig fin etappe gjennom mykje spennande terreng. Dagens tur blir på rundt 18 km. Vel framme på hytta kan vi glede oss over god mat og forhåpentlegvis ein tur i badestampen.

Dag 5 – Onsdag 17. april 

Stavali – Kinsarvik

Siste dagen går turen frå Stavali til Kinsarvik. Denne etappa er på rundt 12 km og går gjennom ein nydeleg dal. Ruta er bratt siste halvdel så vi kjem til å ta det fint og roleg nedover. Vel framme nede i Kinsarvik tek vi bussen heim til Bergen.

Utstyr

Dette er ein fem dagarstur på vidda, så turen krevjer litt utstyr. Varme klede er viktig og ull er alltid ein god ven på tur. Du må ha ein form for fjellski helst med stålkantar, men dette er ikkje eit krav. I tillegg kjem sekk, sovepose, liggjeunderlag, klede og liknande. Spadar og søkjestenger har Turlaget til utlån om ein ikkje har det sjølv.

Krav til deltakar

Du må ikkje vere svært erfaren skiløpar for å vere med, men du må ha hatt nokre turar på ski før.

Mat

Middagar og frukostar er inkludert, men du må likevel ha med eit brød i sekken til niste om dagane. Litt eksotisk pålegg skadar heller ikkje. Noko sjokolade, nøtter eller anna smågodt er også anbefalt å ha med. Vi minner om at dette er ein alkoholfri tur.

Kart

Vi oppfordrar dei som har lyst til å ta med kart og kompass. Her kan ein få utfordringar for eit kvart nivå og det er mykje å lære om det å bruka kart og kompass i fjellheimen. Kartet Hardangerivdda Vest 1:100.000 dekkjer heile området. Kartet Hardangervidda Vest 1:50.000 dekkjer det aller meste av løypa, utanom i starten. Elles går det an å bruka fleire av karta i standardserien. Kart er mogleg å kjøpe i BHT sitt Tursenter i Marken. Der har dei alt av utstyr og klede du treng på tur, med rabatt for medlemmar. 

Det blir sendt ut felles elektronisk post før turen med meir informasjon.

Spørsmål? Om det er spørsmål til turen er det mogleg å ta kontakt med turleiar eller Bergen og Hordaland Turlag på epost bht@dnt.no eller 55 30 48 50. 

Turleder: Oda, tlf. 97795184 og Hugo, tlf. 95216962

Vilkår: Sjå generelle vilkår 

Pris: Kr. 1200 for medlemmar, kr. 1500 for ikkje- medlemmar. Prisen dekkjer turleiing, overnattingar på hytter, samt middagar og frokost/lunsj. Meld deg inn her dersom du ikkje er medlem. 

Påsketur på Hardangervidda (16-30 år)

Denne påska går DNT ung Bergen-turen over Hardangervidda vest. Her blir det mykje påskestemning med herleg natur. Vi kjem til å bevege oss gjennom nokon spennande og mindre brukte områder av Hardangervidda som ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Oda Magrete Aarland
  • Hugo Stavseth Furnes

Annonse