Lokøyna

Fellestur

Dato
21. august kl. 10:30 - 14:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Fjell Turlag Seniorgruppa, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Oppmøte nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30

Vi samlar oss i eit mindre antall bilar då det er lite parkering der vi startar å gå frå.

På Lokøyna skal vi gå ei rundløype. Den lengste løypa, som er 5 km. Tidlegare har vi gått den kortaste løypa. Vi går ute i terrenget, forbi nokre vatn og rundt Storavatnet. Etter kvart har vi utsyn til sjøen og øyane rundt.  Ja, vi ser Løno og havet i vest.

Obs! Her er våte parti i stien, ein del berg og litt opp- og nedstigning. Vi finn ein passande plass for matpausen. Det vert litt utfordring når skal vi opp langs med eit berg, ca 20 meter. Det er stolpar og tau til å halde i, nesten oppe vert det litt klatring på trinn og trapper i fjellet. Vel oppe er det vanleg kupert terreng tilbake til utgangspunktet. 

Det er ein middels tur. Vi reknar ca. 3,5 timar (kanskje meir om vi vert mange) fra oppmøte på Fjell, med kjøring til turområdet og retur til Fjell. Ute i terrenget vert ca. 2,5 timar. Vi har matpause, så ta med mat og drikke.

Ha sko med gode sålar og kle deg etter veret denne dagen. Det kan blåse her ute. Sommaren må ha vore veldig tørr om det ikkje er vått i stien.

Velkommen på ein fin tur der ute i vest!

 

Det er gratis å gå tur med oss både for medlemmar og ikkje-medlemmar. Vil du bli medlem så les her:

Generelle vilkår for Fjell Turlag er som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her

Lokøyna

Oppmøte nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30 Vi samlar oss i eit mindre antall bilar då det er lite parkering der vi startar å gå frå. På Lokøyna skal vi gå ...

Kontaktinformasjon:

  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik
  • Tlf. 90730014

Turledere:

  • Sigrid Steffensen
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik

Annonse