Fjordpromenaden langs Veafjorden

Fellestur

Dato
31. august kl. 09:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Nesten som Preikestolen - bli med på ein tur flott tur langs ville og vakre Veafjorden. Turmål er Kvåstadoksla, Fylenipa og Bergsnipa, 800 luftige høgdemeter over fjorden.

Oppmøtestad: Jernbaneovergangen ved Hellestræ på gamlevegen mellom Helle og Dale.
Oppmøtetid: 09.00
Avslutning: Parkeringsplass ved Fylkesveg i Hetlevikjæ, 500 meter sør for Demring (Straume).
NB! Dei som har høve til å parkere ein bil på parkeringsplassen i Hetlevikjæ kan ta kontakt med turleiar på førehand slikt at me får organisert skyss tilbake.

Turbeskrivelse: Frå Hellestræ på bratt, men god sti opp Kalddalen. På kring 500 moh svinger vi av frå stien til Storafjellet og fortsetter vidare nordover på umerka sti langs Fylekantane opp under Hestfjellet fram til Rennebergtjødne. Det er gode moglegheiter til å få sett hjort på denne strekninga.

Frå Rennebergtjødnæ vidare til dei naturskjønne Trappetjødnæ og opp til Fylenipa og Bergsnipa, 800 luftige høgdemeter over fjorden. Bergsnipa stikker ut i fjorden og har panoramautsikt over Veafjorden og til dei veglause gardane Vedå, Bukkestein og Kvamme. Frå Bergsnipa går me «fjordpromenaden» vidare til Oksla medan me titter ned i Veafjorden langt under oss.

Frå Oksla på merka sti opp under Borgafjellet og slakt nedover forbi Vardadalen, Ulevikhytta og Drivedalstjødæ. Bratt ned Kyradalen til Hetlevikjæ kor nokre av deltakarane på førehand har parkert nokre bilar.

Mat: Ta med nistepakke og drikkeflaske.
Lengde: 20 km, samla stigning kring 1000 meter.
Heimreise: Forventa ankomst  i Hetlevikjæ klokka 18 (500 m meter sør for Demring). Vi køyrer samla tilbake til Hellestræ.

Utstyr: Lett dagstursekk,

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Tynn vindjakke og turbukse (med god fukttransport)
  • Undertøy i ull/ullblanding + ekstra skift
  • Sokker med mye ull og god passform + ekstra skift
  • Fleecejakke eller tynn varmejakke
  • Lue
  • Ullvotter eller andre vanter/votter som er varme selv når de er våte
  • Lette innesko/inneklær 
  • Fjellstøvler og gjerne gamasjer
  • Shorts og t-skjorte (ull/kunstfiber) hvis det er meldt varmt vær

Fjordpromenaden langs Veafjorden

Nesten som Preikestolen - bli med på ein tur flott tur langs ville og vakre Veafjorden. Turmål er Kvåstadoksla, Fylenipa og Bergsnipa, 800 luftige høgdemeter over fjorden. Oppmøtestad: Jernbaneovergangen ved Hellestræ på ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Willy Andre Gjesdal

Annonse