Høgdepunkt på Hardangervidda Vest

Fellestur

Fra dato
17. juli kl. 07:40
Til dato
19. juli
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Hardangervidda, Trolltunga, Hadlaskard, Hårteigen, Litlos, Tyssevassbu
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, Bergen , Fellestur
Turområde
Hardangervidda (se kart)
Turkode
221

Har du vore på Hardangervidda og sett majestetiske Hårteigen i det fjerne, og lurt på korleis utsikten er? På denne turen har du sjansen, i løpet av 3 dagar på vakre Vestvidda - kontrastene sitt rike med flate vidder og bratte fjellsider, der frodige dalar møter steinur, og stuper ned i fjorden mot vest.

OBS! Turen er endra på grunn av COVID-19. For å redusere smitterisiko overnatter me 2 netter på samme hytte, og reiser i privatbilar.

Turrute: Hjølmo - Hadlaskard - dagstur til Hårteigen - Hjølmo

Oppmøtested: ADO
Oppmøtetidspunkt: 07:45
Avreise: I private biler fra Bergen Sentrum, eller oppmøte på Hjølmo i Øvre Eidfjord. Turleder koordinerer samkjøring. 

Turbeskrivelse
Turen startar ved Hjølmo i Øvre Eidfjord og inn Veigdalen til Hadlaskard. Allereie på veg innover fyrste dagen kan me sjå karakteristiske Hårteigen som viser veg. Neste dag er Hårteigen fyrste mål, som kan nås med grei klyving opp eit gjel på austsida (så framt vær og fysisk form tillet det). På fine dagar er utsikta spektakulær og ein kan sjå både Hardangerjøkulen, Folgefonna og Gaustadtoppen, samt store delar av Hardangervidda. 

Fredag: Hjølmo til Hadlaskard (sjølvbetjent hytte): ca 17 km 

Turen startar på Hjølmo i Øvre Eidfjord og fylgjer elva Veig innover frodige Veigdalen til BHT si store sjølvbetjente hytte Hadlaskard. På vegen passerer me Vivelid fjellstove og den private turisthytta Hedlo.

Lørdag: Hadlaskard - Hårteigen - Hadlaskard (bestigning av Hårteigen)

Dag 2 startar me relativt tidlig, og går mot sør/sørvest og let «den store grå vegvisaren» (Hårteigen) vise veg. Turen går på fin sti med lett stigning i starten, og vert noko brattare jo nærmare Hårteigen me kjem. Det er ca 9km og 500 høgdemeter til foten av Hårteigen. Så framt vær og fysisk form tillet det tek me turen opp på Hårteigen. Det er grei klyving opp eit gjel på austsida av fjellet (ca 200 høgdemeter opp og ned, me kan legge att ryggsekkane ved den T-merka stien). Etter at dagens mål er nådd snur vi ryggen til veiviseren og går tilbake til Hadlaskard og forbereder en bedre middag. 

Søndag: Hadlaskard til Hjølmo: ca 17 km 

På hjemtur følger vi elva Veig tilbake til bilene på Hjølmo, men vi går på andre siden av elva. Hvis været er fint, så tar vi oss tid til en god lunsjpause og et forfriskende bad. 

Mat: Niste og drikke til fredag ordnar den enkelte med sjølv. Middag og frukost og eventuelt niste frå proviantlager på Hadlaskard. All mat er inkludert, unntatt niste fyrste dag og snacks (ta evt med brød om ynskjeleg – dette fins normalt ikkje på proviantlager). Ta med rikelig med snacks, nøtter og liknande.

Hjemreise: Private biler fra Hjølmo

UtstyrSe utstyrsliste for sommerfjellet
Det er anbefalt å ta med gåstavar og gamasjar. Gode fjellsko med støtte på ankelen (ikkje låge turjoggesko). 


Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: kr 1700,- for medlemmer, kr 2400,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Dette inkluderar overnatting (2 netter), godkjent DNT-Turleiar, sikkerhetsutstyr, alle måltid inkl.middag, lunsj og frukost. 

 Kart: Kart og turutstyr kan kjøpes i tursenteret i Marken. Rabatterte priser for medlemmer.

Spørsmål? har du spørsmål kontakt Bergen og Hordaland Turlag på e-post birgithe.roald(at)dnt.no eller på tlf: 55335822. 

Høgdepunkt på Hardangervidda Vest

Har du vore på Hardangervidda og sett majestetiske Hårteigen i det fjerne, og lurt på korleis utsikten er? På denne turen har du sjansen, i løpet av 3 dagar på vakre ...

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turledere:

  • James Hosea
  • Ragnhild Haugse