Panorama Jotunheimen Turtagrø-Fanaråken-Skogadalsbøen-Hjelle

Fellestur

Fra dato
14. august 2020 kl. 08:00
Til dato
16. august 2020
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fjelltur, Helgetur, Topptur, Hyttetur, Fjellsport, Fannaråkhytta, Skogadalsbøen, Keiserpasset, Vettisfossen
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, Bergen , Fellestur
Turområde
Jotunheimen

Drøymer du om ein tur blant høge fjell og vakre toppar. På denne turen får du vera med til topps på Fanaråken, der DNT si høgste beliggande hytte ligg. Om veret er fint vil denne turen by på det beste av Hurrungane og Jotunheimen. 

Avreise: Frå Bergen Busstasjon fredag ettermiddag, kl. 15.30, ankomst Årdal 20.22, vidare med innleigd minibuss/taxi.

Fredag: Buss til Årdal og vidare med innleid buss til Turtagrø over Tindefjellsvegen. Ankomst Turtagrø Hotel. Felles middag.

Lørdag:
Turrute: Turtagrø (884 moh) - Fanaråken (2068 moh) - Skogadalsbøen (830 moh)

Etter ein solid frukost startar vi turen gjennom Helgedalen til Helgedalsstølen. Det er god stigning med 1184 høgdemeter til Fanaråkhytta men det er god sti/trappetrinn. Er vi heldige kan vi oppleva flott utstyn til Breheimen, Galdhøpiggen og Hurrungane. Ned frå toppen fylgjer ein ryggen mot Fannaråknosi og så ned Keisarpasset. Her opnar utstynet til Gjertvassbreen, Styggedalstindane og Gjertvasstinden seg. Siste stykket går mot Skogadalsbøen med Uranostinden og Falketind i bakgrunnen. Her kjem ein ned i frodig fjellbjørkeskog med rikt plante-og fugleliv. På Skogadalsbøen inntek vi eit godt og velfortent måltid før vi kryp til køys.

Gangtid ca 7-8 timar. Lengd 19 km. 

Alternativ ved dårleg ver: Gå direkte frå Helgedalen til Keisarpasset der ein følgjer den gamle stølsvegen. 

Søndag:
Turrute: Skogadalsbøen (830 moh) - Vetti/Vettisfossen - Hjelle

Turen frå Skogadalsbøen til Hjelle er kanskje ein av dei flottaste turane i Jotunheimen. Turen startar oppover mot fjellet Friken med utsikt til noko av det villaste og mest alpine fjelllandskapet i Noreg, Hurrungane. Nede på den andre sida av Utladalen ligg Vormeli der det var fast busetnad frå 1788 til 1868. Frå det høgste punktet på turen har ein stor utsikt til Vettismorki og nedover Utladalen. På god sti går det bratt ned mot Fleskedalen, fjellstølane til gardane nede i Vetti. Vidare går turen forbi den 275 m høge Vettisfossen, Nord-Europas høgste frittfallande foss. Avslutninga går gjennom den tronge djupe Utladalen til Vetti gard og derifrå på veg ned til Hjelle.

Gangtid: 7 timar. Lengd: 18 km. 

Overnatting: Turtagrø Hotel i Sveitservillaen (4-6 sengsrom) og Skogadalsbøen (sovesal)

Heimreise: Frå Hjelle til Årdal videre med buss til Bergen søndag ettermiddag 4. august. Siste buss fra Øvre Årdal går kl. 16.55 og er i Bergen 22.17. 

Vilkår: Se generelle vilkår

Mat:  Ta med matpakke og drikke til den lange reisa fredag. På Turtagrø er 3-retters middag og frukost inkludert, niste kjem i tillegg og betalast av kvar enkelt. På Skogadalsbøen er 3-rettersmiddag, frukost og niste med påfyll termos inkludert. 

Utstyr: Se Turlagets utstyrsliste for sommerfjellet. Ta med lakenpose.

Pris: Medlemmer kr 3275,-, ikkje-medlem kr 3975,-. Meld deg inn her om du ikkje er medlem. Prisen inkluderar, DNT-godkjent turleiar, sikkerheitsutstyr, bussreise Årdal - Turtagrø (Tindevegen), overnatting i 4-6 sengs rom Turtagrø, 3-rettsermiddag og frukost på Turtagrø (niste ikkje inkludert Turtagrø), overnatting i sovesal Skogadalsbøen, 3-rettersmiddag, frukost og niste og termos på Skogadalsbøen. Reise tur - retur Bergen-Årdal kjem i tillegg og må betalast av kvar enkelt deltakar.

Kart: Turkart: Jotunheimen vest 1: 50 000 og "Årdal" 1:50 000. Kart og anna turutstyr kan kjøpast i Tusenteret i Marken. Rabattert pris for medlemmer. 

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turledere:

  • Åsbjørn Vetti
  • Nils Bull

Annonse