Laurdagskveld på Gullhorgabu (25-35 år)

Fellestur

Fra dato
1. februar 2020 kl. 08:15
Til dato
2. februar 2020
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Skitur, Vintertur, Gullhorgabu, Bergsdalen, Aktivitet Skitur
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, Bergen , Fellestur
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Bli med på skitur i vinterlandskap til Gullhorgabu i Bergsdalen og opplev tida kor lyset er spesielt vakkert, mørket kjem tidleg og gleda for ei koseleg, varm hytte er stor.

Oppmøtestad: ADO Arena
Oppmøtetidspunkt: Kl 08:15
Transport: Vi satsar på samkjøring, og ved påmelding blir du derfor bedt om å svare på om du kan stille med bil eller treng nokon å sitte på med. Alle passasjerer tar med kr. 200,- i kontanter til sjåføren. 

Turbeskriving: 

Laurdagen går vi frå Småbrekke til Gullhorgabu. Vi spenner på oss skia og går langs Småbrekkevatnet. Herfra bærer det oppover i litt bratt stigning før vi renn ned til Moavatnet. Vidare stig terrenget slakt og jamnt oppover mot Grågavltjørnane og Storlitjørna. Det meste av turen er gjort når vi når Høgda, og vi stakar oss ned til den flotte hytta Gullhorgabu. 

Vel framme på hytta skal vi kose oss, fyre i omnen, tenne ljos og samlast til eit godt måltid.

Turen har ein lengde på om lag 7 km kvar veg, og vi reknar ca. 4 timar inn til hytta på laurdagen. Turen startar på 532 moh og Gullhorgabu ligg på 855 moh.

Søndagen returnerer vi same vegen tilbake. 

Mat: Ta med eigen lunsj til laurdag. Vi bruker proviantlageret til frokost og lunsj søndag, men ta med brød dersom du ønskjer dette framfor knekkebrød/havregraut. Turleiarar handlar inn til middag, så ha litt plass i sekken til dette.

Heimreise: Vi planlegg å vere tilbake i byen om lag kl 18:00.

Krav til deltaker: Du må ha grunnleggende skiferdigheter både oppover og nedover, og erfaring fra turer med fjellski og sekk.

Utstyr: Du må ha fjellski med stålkanter, skistaver med brede trinser og skifeller (langfeller eller kortfeller). Randonee-/toppturski er mindre egnet og frarådes på denne turen. Sjå også utstyrsliste for vinterfjellet

Kart: Anbefalt Turkart "Kvamskogen og Bergsdalen 1:50 000". Kart og turutstyr kan kjøpes i Tusenteret vårt i Marken. Rabatterte priser for medlemmar.

Laurdagskveld på Gullhorgabu (25-35 år)

Bli med på skitur i vinterlandskap til Gullhorgabu i Bergsdalen og opplev tida kor lyset er spesielt vakkert, mørket kjem tidleg og gleda for ei koseleg, varm hytte er stor. Oppmøtestad: ...

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turleder:

  • Knut Inge Engelbreth

Annonse