Seniortur - Bremstølsvatnet

Fellestur

Dato
16. oktober kl. 10:00 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)

NB: Onsdag 16. oktober blir det eit endra turopplegg, planlagt tur til Sandvinstølen må gå ut.
Vi legg i staden turen til Bremstølsvatnet.

Bremstølsvatnet er eit mykje nytta turmål. Planlagt utbygging av elva har ført til at det også har vore mykje mediaomtale dei to siste åra.

Stien på sørsida av elva, Hellandssida, er opparbeida av Gunnar Helland. Han har over fleire år gjennomført eit omfattande arbeid med grøfting, grusing og steinlegging. Resultatet er at at dette har blitt ein av dei finaste skogsstiane vi har i kommunen.

Det er vel 1 time gange opp til vatnet som ligg på 460 høgdemeter..
Her er det fint utsyn, og vi tek ein matpause før retur.

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Hellandsbrua, parkering ved tidlegare Husnes Røyr kl. 10:00
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Helen Sandvik Røssland og Jan Helge Opsanger

 

Seniortur - Bremstølsvatnet

NB: Onsdag 16. oktober blir det eit endra turopplegg, planlagt tur til Sandvinstølen må gå ut. Vi legg i staden turen til Bremstølsvatnet. Bremstølsvatnet er eit mykje nytta turmål. Planlagt ...

Kontaktinformasjon:

  • Helen Sandvik Røssland
  • Tlf. 993 59 929

Turledere:

  • Helen Sandvik Røssland
  • Jan Helge Opsanger

Annonse