Nyttårstur til Vending (25-35 år)

Fellestur

Fra dato
11. januar 2020 kl. 09:00
Til dato
12. januar 2020
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Skitur, Vintertur, Fjellski, Vending, Bergsdalen, Aktivitet Skitur
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, DNT ung Bergen , Fellestur
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Turkode
201

Bli med på vintertur til Vending og opplev tida kor lyset er spesielt vakkert, mørket kjem tidleg og gleda med ei koseleg, varm hytte er stor.

Oppmøtestad: ADO Arena (sørsida av busstasjonen)
Oppmøtetidspunkt: Kl 09:00
Transport: Vi satsar på samkjøring, og ved påmelding blir du derfor bedt om å svare på om du kan stille med bil eller treng nokon å sitte på med. Passasjerane vippser sjåfør for drivstoff/slitasje, omlag 200kr pr stk. 

Turledere: Sigrid (nr. 908 50 308) og Kari (nr. 984 07 267)

Turskildring: 

Turen er for personar mellom 25-35 år.

Skituren startar ved Hamlagrøosen. Her spenner vi på oss skia og fylgjer vasskanten inn mot Lid. Vi tar oss så inn i kortvokst bjørkeskog og fylgjer vintertraseen videre slakt opp mot Vending. Turen har ei lengd på 6,3 km kvar veg, og vi bereknar 3-4 timar inn til hytta på laurdagen. Turen startar på 588 moh og Vending ligg på 816 moh.

Turen går i ein av dei mørkaste månadane, noko som gjer det enda koseligare og fyre i hytta, tenne lys og samlast rundt eit godt måltid. 

Søndagen returnerer vi same vegen tilbake. 

Gradering: Turen er for deg som har erfaring med å gå fjellskitur med sekk i 4 timar, både oppover og nedover. Ring turleiar dersom du lurar på om turen er for deg.

Mat: Ta med eigen lunsj til laurdag, det same med evt. snacks og drikke til kvelden. Vi bruker proviantlageret til frokost og lunsj søndag, men ta med brød dersom du ønskjer dette framfor knekkebrød/havregraut. Turleiarar handlar inn til middag, så berekn litt plass i sekken til dette.

Heimreise: Vi planlegg å vere tilbake i byen om lag kl 17:00.

UtstyrSjå utstyrsliste for vinterfjellet. Turen går i kupert terreng, og fjellski med stålkant er tilrådd. Breie langrennski kan også nyttast dersom du har god erfaring med dei, helst med sekk, og veit at skoen held deg varm i laussnø. 

Pris: kr  725,- for medlemmer, kr 1425,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. 

Generelle vilkår: Les vilkårene ved påmelding.

Kart: Anbefalt Turkart "Kvamskogen og Bergsdalen 1:50 000". Kart og turutstyr kan kjøpes i Tusenteret vårt i Marken. Rabatterte priser for medlemmar. 

Nyttårstur til Vending (25-35 år)

Bli med på vintertur til Vending og opplev tida kor lyset er spesielt vakkert, mørket kjem tidleg og gleda med ei koseleg, varm hytte er stor. Oppmøtestad: ADO Arena (sørsida av busstasjonen) Oppmøtetidspunkt: Kl 09:00 Transport: Vi ...

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turledere:

  • Sigrid Kvåle Myksvoll
  • Kari Halland

Annonse