Topptur med utsyn mot hav og bre

Fellestur

Dato
28. juni kl. 10:00 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Drøymer du om ein spektakulær langtur i eit ikkje alt for krevjande terreng? No har du høve til å bli med Vaksdal Turlag på ein storslått tur frå Bergsdalen til Vaksdal. Vi startar på Øye i Bergsdalen og endar på togstasjonene på Vaksdal. På vegen vil du vandre i vakkert høgfjellsterreng med utsyn både til Folgefonna i aust og Nordsjøen i vest.

Oppmøtestad og tid: Vi møtast på parkeringsplassen ved Turbinen på Dale kl 0930, her er det gode parkeringstilhøve. Her i frå samkøyrer vi i færrast mogeleg bilar til Øye i Bergsdalen. Det er sjølvsagt høve til å møte direkte på Øye ca kl 0945. Frå Bergen kan du ta tog kl 08.39 som er framme på Dale kl 09.21.

Turskildring: Frå Øye startar turen i relativt bratt stigning opp til Revanukjen som ligg på kring 750 moh. Dette er den tyngste delen av heile turen, her i frå er det lettare terreng opp til Møyadalsnubben og Storafjellet som er det høgste punktet på 950 moh. Her kan ein nyte eit fantastisk skue dersom vêret tillet det! Etter vi har passert Storafjellet passar det med ein god rast før vi vandrar over Gløvre og Gløvreegga. Terrenget her er lett å vandre i, og ein kan miste pusten av det vakre skuet mot Folgefonna på eine sida, og Nordsjøen på den andre. Frå Gløvreegga kjem ein ned til Dyrdalsskaret og inn på merka sti vidare forbi Tjødnhaugen og ned til Vaksdal. Den siste halvannan kilometeren ned til stasjonen går på veg. Sjølv om turen ikkje går i det mest krevjande terrenget, er det ein lang tur, og berre delar av han er på merka sti. Det er ingen spesielt luftige parti eller krevjande klatring på turen. Totalt er han på omlag 20 kilometer, og 600 høgdemeter. Siste del av turen, frå Gløvre til Vaksdal stasjon har ein total nedstigning på 900 høgdemeter. Ein må rekne omlag 8 timar på turen.

Retur med tog frå Vaksdal til Bergen kl 17.28 og 19.26. Det vert organsiert skyss for å hente bilar på Dale/Øye.

Utstyr/klede: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein lett dagstursekk med:

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Ekstra skift med ullundertøy
  • Sokkar med mykje ull og god passform
  • Fleecejakke/ullgenser
  • Lue
  • Ullvottar eller andre vottar som er varme sjølv når dei er våte
  • Litt toalettpapir i pose
  • Solbriller og solkrem
  • Liten kniv
  • Fyrstikker/lighter
  • Mat/godteri for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
  • Sitteunderlag

Det er ikkje naudsynt med påmelding, men ta gjerne kontakt med turleiar dersom du har spørmål om turen.

Vel møtt!

Topptur med utsyn mot hav og bre

Drøymer du om ein spektakulær langtur i eit ikkje alt for krevjande terreng? No har du høve til å bli med Vaksdal Turlag på ein storslått tur frå Bergsdalen til ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Elizabeth Gjessing