Bli med på tur til eventyrlige Breidablik

Fellestur

Fra dato
26. september kl. 08:30
Til dato
27. september
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Fitjadalen, Øystesevassdraget, Breidablik, Kvammafjella, Skrott, Fugladalen
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, Bergen , Fellestur

Har du lyst til å oppleve eventyrtunet Breidablik på toppen av Kvammafjella i Hardanger, og dei nye hyttene som vart opna i juni 2019? Og høyre historia om Øystesevassdraget som til slutt fekk vernestatus i 2019? Turen går i spektakulær vestlandsnatur, og vi har med ein lokal kjentmann.

Dag1: Vi starter turen i Fitjadalen i Øystese, og første del følgjer vi stien som tidlegare eigarar Anne Marit og Bjarne alltid har gått til Breidablik. Undervegs går vi forbi stølen Håsete, og her vert det ein god pust i bakken. Mot slutten tek vi turen om det majestetiske fjellet Skrott før vi med storslått utsikt både til Folgefonna, Hardangerfjorden og Vossafjella, kjem fram til Breidablik. På turen har vi med oss ein lokal kjentmann som har mykje spennande historie å fortelje. Vi beregner å bruke om lag 6 timar på denne turen inklusive pausar. Det er er krevande tur i bratt stigning. 

På Breidablik fin vi sengene våre, og ordnar oss mat i fellesskap. Det vert garantert god stemning og solnedgangen over Folgefonna og fjella i Kvam og Kvinnherad plar vere flott i fint ver.

Dag 2: Heim att følger vi Øystesevassdraget frå fjellet mot fjorden. I mars 2019 vart Øystesevassdraget verna etter over 30 års arbeid av natur- og friluftsorganisasjonane. Vi går på t-merka sti ned Glyntabakkane, og følgjer vassdraget gjennom Solheimsdalen, Fugladalen og Vossadalen. Undervegs vil turleiar formidle dei store natur- og friluftslivsverdiane i dette området, som no også er foreslått som landskapsvernområde av Miljødirektoratet. På Geitastølen vert det ein god pause, før vi går vidare tilbake til Fitjadalen der vi starta. Er det tid nok og varmt i veret, kan det gode vere vi tek eit bad i vatnet eller i elva. Vi beregner å bruke 6 timar på turen inklusiv pausar.

Mat: Ta med brødmat, drikke og anna mat til motivasjon og påfyll undervegs. Vi lagar felles middag på laurdagen primært med utgangspunkt i proviantlageret på Breidablik, med litt ekstra som vert kjøpt inn av turleiarane. Det kan vil vere behov for hjelp til å bere litt av fellesutstyret og maten.
 

Oppmøtested: Parkering ved Bergen Maritime VGS

Oppmøtetidspunkt: kl 8.30 

Avreise: Vi møtes kl. 8.30 og fylle opp bilene. Vi samkjører i privatebiler. 

Utstyr:  Se utstyrsliste for sommerfjellet Se utstyrsliste for vinteren Hugs at det er seint på hausten og det kan verte kaldt oppe i høgden. Vi tilrår alltid å ha gode fjellsko og varme klede, og ytterklede som er vind- og vatntette. Det er alltid lurt å ha med vottar og hue i sekken. Hugs også lykt til nattlege dobesøk. 

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: kr ,- for medlemmer, kr ,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Spesifiser overnatting (hvor og antall netter), spesifiser måltider/ mat, spesifiser transport (privatbiler, tog, behov for innleid buss, båt osv. ), spesifiser behov for instruktør (eks breinstruktør, eller annet spesielt), spesifiser ekstraordinære kostnader.

 Kart: Kart og turutstyr kan kjøpes i tursenteret i Marken. Rabatterte priser for medlemmer.

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turleder:

  • Helene Ødven