Helle - Blåkupo

Fellestur

Dato
24. mai kl. 10:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Blåkupo ligg som ein vakker løyndom midt mellom Helle, Dale og Bergsdalen omlag 700 moh. På denne turen går vi i eit vakkert og variert terreng frå Helle via dei idylliske stølane på Hellesætre og Vatnastølen.

Kupe betyr skål eller kule, og det er ikkje vanskeleg å skjøne opphavet når ein står ved bredden av Blåfjellsvatnet og tar naturfenomenet i augesyn. Blåfjellsvatnet er nærmast sirkelforma, og omkransa av bratte fjellsider. På vegen vil vi og gå forbi den noko mindre Gråsidkupo.

Oppmøtestad og tid: Vi møtast på parkeringsplassen på Helle kl 1100, her er det gode parkeringstilhøve. Frå Bergen kan du ta tog kl 09.59 som er framme på Stanghelle kl 10.34. Her kan du avtale å bli henta dersom du tar kontakt med turleiar i forkant.

Turskildring: Frå parkeringsplassen på Helle følgjer vi grusvegen vel ein kilometer oppover før vi kjem inn på stien mot Hellesætre, vidare følgjer vi god sti i relativt slakk stigning til Vatnastølen vel 500 moh. Her i frå går vi på nordsida av både Holmavatnet og Gråsidevatnet før vi tar fatt på den siste stigninga opp til Blåfjellvatnet og Blåkupo. Her tar vi ein god rast, og det er høve til å bade for dei som ynskjer det. Returen går same veg tilbake til Helle. Totalt er turen på 13-14 kilometer og 700 høgdemeter, det er god sti det meste av vegen, men terrenget er noko krevjande, så ein børe vere i grei turform for å legge i veg. Totalt ein rekne 6-7 timar på turen.

Utstyr/klede: Sjølv om vêrmeldingane er gode, er det naudsynt med noko utstyr på turar i dette terrenget. Kle deg fornuftig med gode fjellsko. Pakk ein lett dagstursekk med:

  • Regntøy (jakke og bukse)
  • Ekstra skift med ullundertøy
  • Sokker med mye ull og god passform
  • Fleecejakke eller tynn varmejakke
  • Lue
  • Ullvotter eller andre vanter/votter som er varme selv når de er våte
  • Litt toalettpapir i pose
  • Solbriller og solkrem
  • Liten kniv
  • Fyrstikker/lighter
  • Mat/godteri for dagen og drikkeflaske (ev. termos til varmt drikke)
  • Sitteunderlag

Det er ikkje naudsynt med påmelding, men ta gjerne kontakt med turleiar dersom du har spørmål om turen.

Vel møtt!

Helle - Blåkupo

Blåkupo ligg som ein vakker løyndom midt mellom Helle, Dale og Bergsdalen omlag 700 moh. På denne turen går vi i eit vakkert og variert terreng frå Helle via dei idylliske ...

Kontaktinformasjon:

  • Roger Sandvik

Turleder:

  • Roger Sandvik