Tre timar- introkurs med Kajakk (for vaksne og ungdom)

Kurs

Dato
7. juni kl. 16:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Kurs, , Aktivitet Kajakk
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, Sogndal Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Klar for å starte sommarsesongen med kajakkpadling? Sogndal Turlag arrangerer introkurs hav i Sogndal. Kurset vara i om lag 3 timar, og vil gå føre seg både på land og på fjorden i nærleiken av Sogndal Turlag sitt naust. 

Du kan velge mellom 2 ulike dagar; Torsdag 04. Juni,  eller Sundag 07. Juni.

Deltakarane introduserast til kajakken og utstyret. I løpet av kurset har deltakaren gjennom enkel praktisk øving lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. Kurset skal motivere for vidare opplæring i padling. (NB, du må ha med eiga våtdrakt/tørrdrakt)

For meir informasjon om kurset, sjå her: http://www.padling.no/vaattkort-og-sikkerhet/hva-er-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/introkurs-hav/

Oppmøte: Møt ved naustet til Sogndal Turlag som ligg langs Fjordstien vis a vis folkehøgskulen.

Du kan velge mellom:
Tordag 04.06. Kl 17.00-21.00
Sundag 07.06. Kl. 16.00-20.00

Kursleiar: Torill Mulen, mob. 45255889.

Utsyr: Ta med skifteklede (helst ull), mat (sjokolade/ nøtter som gir rask energi) og drikke. Hugs å pakke vasstett. Sogndal turlag stiller med kajakkar og padleåre. Det er naudstynt med våtdrakt eller tørrdrakt.

Våtkort: Introkurs hav kvalifiserer til våtkort. Våtkortet er ikkje inkludert i prisen, og om du ynskjer våttkort kostar dette kr.100. Dei fleste utleigeaktørar krev våttkort for å låne kajakkar på eige hand. For leige av Sogndal Turlag sitt kajakkutstyr er det naudsynt med våtkort eller tilsvarande kunnskap om trygg padling og redning.

Ynskjer du å støtte turlagets arbeid med å melde deg inn som medlem?
Følg linken: https://www.dnt.no/innmelding/registrering/
 

Tre timar- introkurs med Kajakk (for vaksne og ungdom)

Klar for å starte sommarsesongen med kajakkpadling? Sogndal Turlag arrangerer introkurs hav i Sogndal. Kurset vara i om lag 3 timar, og vil gå føre seg både på land og ...

Kontaktinformasjon: