Kråkenos

Fellestur

Dato
13. juni kl. 08:30 - 18:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangører
Os Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fusa Turlag
Dette arrangementet er over!

Påmelding til Terje Raunsgard, tlf. 488 90 813.  Maks deltakarar 20 personar.

Avreise ferje fra Hatvik kl. 08:40

Husstandsmedlemar kan kjøre i same bil., det same kan turvenar som har kjørt ilag i desse koronatider.  Andre må kjøre sjølv.  Det tek ca. 50 min å kjøre fra Venjaneset til parkering.

Turen starter Hålandsdalen - Bolstad parkering  kl. 10 og er ein tung tur.  

Kråkenos er 814 moh

Det er 2 alternativ oppstigning, den eine er  "luftig" (stiger i fjell) og passer ikkje for dei med høgdeskrekk, men det er alternativ sti for dei.

Frå gammalt av var det ein viktig ferdsleveg mellom Øvre Hålandsdal og Strandebarm over Bergsenden. Gå gjennom tuna på Nedre Bolstad og følg stien opp lia på austsida av Vetleelva. Du kan ta snarvegen til fjellplatået via to stigar ved Bergsenden som forserar ein imponerande loddrett bergvegg som går tvers over dalen. Opphavleg sett opp av telegrafarbeidarar kring hundrearsskiftet 1899/1900. Alternativ: Kryss elva på to punkt, gå opp lia og rundt den eksponerte bergveggen. Oppe i Røyndalen (400 moh) kryssar du grensa til Kvam ved Røyndalsvatnet og tek innover på god sti. Ved Skardsdemma kan du ta av mot stølen på Aksete (547 moh) og Kråkenos (814 moh).

Konf. med turleiar dersom det er noko du lurer på.

 

 

 

 

Kontaktinformasjon:

  • Terje Raunsgard
  • Tlf. 488 90 813

Turleder:

  • Terje Raunsgard