Lett topptur med stor utsikt i Eksingedalen

Fellestur

Dato
5. juli kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Vaksdal Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)

Turen går til Nonhaugen, vidare til Ljosvåtna og ned att forbi dei gamle stølane på Ormaset. Det er storslått utsikt i alle retningar frå toppane. Terrenget er lett å gå i.Turen tek 3 - 4 timar og høver for alle med litt eraring, også for born.  

Oppmøte: Ved Indretjødna på Fv 5410 mellom Teigdalen og Eksingdalen
Tid for start: Kl 11

Om turen: 
Turen til toppen av Nonhaugen går jamnt oppover, total stigning er 300 meter. Det er varierande kor synleg sti det er, men terrenget gjer det lett å gå. På vegen oppover kryssar ein Storegjelet før den siste bratte stigninga opp til platået med Nonhaugen. Nedom Nohaugen er det fleire små vatn som er fine å bada i,viss isen er vekke.
Varden på Nohaugen ligg på 999 m.o.h. Turen hit tek omlag ein time. 

Etter ein pause ved varden eller vatna, går turen vidare til sjølve toppen av Nonhaugen på 1050 m.o.h. Derifrå går ein så ned til Ljosvåtna. Gjennom Ljosvåtna følgjer ein stien på høgre sida av vatnet, så bratt nedover til Ormaset. Dette er ein tur gjennom gamle beitemarker og forbi stølstufter. No er det sau som beitar her. Ein kan rekna med å møta sau på turen, så hund må vera i band. 

Dei gamle stølane på Ormaset  høyrer til garden Brekkhus. Ein er no i Voss kommune, og følgjer Fylkesvegen oppover i omlag ein km til Indretjødna att. 

Vel møtt til tur! 

Lett topptur med stor utsikt i Eksingedalen

Turen går til Nonhaugen, vidare til Ljosvåtna og ned att forbi dei gamle stølane på Ormaset. Det er storslått utsikt i alle retningar frå toppane. Terrenget er lett å gå ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Liv Anne Bergo