Seniortur - Aursdalen

Fellestur

Dato
19. august kl. 09:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


Turen startar frå parkeringsplassen øvst i Omvikdalen ved garden Landa på austsida av elva.
Fyrste del av turen går på grusveg og traktorveg før ein etter nær 3 km har kome opp på Klovet. Her går ein over i sti i skog og over nokre berg før ein etter vel ein halv kilometer er oppe ved sørenden av Aursdalsvatnet. 627 moh. På vegen opp passerer ein stidelet til Vardafjell.

Stien vidare kryssar elva ved utløpet av vatnet. Her kan mykje vatn i elva vere ei utfordring.
Innover Aursdalsvatnet går ein på ein tydeleg, men ikkje alltid like god sti, fram til turmålet Aursdalsstølen. Her finn ein restar etter fleire bygg på den gamle stølsvollen. Her høver det godt med ein god kvil med mat og drykk.

Turen heimover går same løypa heilt til ein treff traktorvegen og går ned til Aterstadvatnet og den andre vegen ned til Landa.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    kl. 09:00 - Ved garden øvst i Omvikdalen (austsida)
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Sigmund Spjelkavik og Steinar Kroka
  • Vandringa: 
    • Distanse: 9 km
    • Høgdeskilnad: ca 530 meter
    • Tidsbruk: 5 timar + pausar.

 

Seniortur - Aursdalen

Turen startar frå parkeringsplassen øvst i Omvikdalen ved garden Landa på austsida av elva. Fyrste del av turen går på grusveg og traktorveg før ein etter nær 3 km har ...

Kontaktinformasjon:

  • Sigmund Spjelkavik
  • Tlf. 911 09 732

Turledere:

  • Steinar Kroka
  • Sigmund Spjelkavik