Kveldsmattur med Barnas Turlag Stord-Fitjar til Nautøy.

Fellestur

Dato
27. mai kl. 17:00 - 19:00
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, , Kveldsmattur
Arrangører
Stord-Fitjar Turlag, Barnas Turlag Stord-Fitjar
Turkode
2020

Barnas Turlag inviterer endeleg til kveldsmattur igjen! Denne gong går turen til Nautøy.

Når du køyrer Trekantsambandet frå Stord mot Bømlo, tar du av på Føyno mot Bømlo og følger veien eit lite stykke. Parkeringsplassen ligg ned til høgre like før Bømlabrua.

Me møtes på parkeringsplassen og går samlet til me finn ein eigna leirstad. Me lagar bål og kosar oss ute med leik, moro og gode venner. Kle deg etter vêret og ta med den maten du ynskjer å eta til kvelds.

Me minner om rådet om å halda minst éin meters avstand til andre enn personar i eigen husstand, og oppmodar alle om å ha med eigen handsprit.

Stiane på Nautøy er dessverre ikkje eigna for barnevogn.
Kveldsmatturane til Barnas Turlag er eit GRATIS tilbod.

Merk at maks antal deltakarar på denne turen er 50 personar, og at førehandspåmelding er naudsynt. 

Påmelding skjer via "Meld På" knappen på høgre side. Den vaksne legg inn e-postadresse og telefonnummer. Desse kontakt-opplysningane legg ein også inn på barna som deltar.

GENERELT

Kveldsmattur med Barnas Turlag Stord-Fitjar er gratis og passer for alle som ønsker å gje sine barn gode opplevingar ute i våre nydelege omgjevnader.

Me publiserer informasjon om kor turen går på vår facebook-side  ca ei veke i forkant. 

Dette er meint som ei lågterskel-tilbod og målet er å få med flest mogleg på tur, difor er turane også (som regel) godt egna for barnevogn (er du i tvil, så send spørsmål til Barnas Turlag).

Ein typisk kveldsmattur er at me går i samla flokk ein tur på ca 15-20 minutter til ein kjekk rasteplass, der me fyrer i bål, et kvelds og leiker i naturen. Så går me i samla flokk tilbake, med mett mage og full av fine natur-inntrykk. 

Kontaktinformasjon: