Kjekallvågen rundt

Fellestur

Dato
14. juni kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Søndagstur, Nordhordland, Masfjorden, Rundtur, Alver, Austfjorden
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Bli med til ei turperle i Nordhordland:  Kjekallvågen rundt

Oppmøtestad: Einestrand/Masfjorden
Oppmøtetidspunkt: Søndag 14. juni 2020 kl. 10.00
Turleiarar:  Kari Sauer og Arnhild Hatland Tlf.91 33 48 20 

Turskildring: Turen startar på Einestrand, sjå kart under. I starten er det god sti oppover i fin furuskog langs elva. Når vi kjem opp til Einestrandsetret, vert det ein liten pustepause og vi skal nyta den flotte utsikta. Så fortset vi langs Stemmetjørna og Dravlekupa. Der ser vi ei koseleg lita hytte, Nilsebu. Vidare langs Langevatnet, og her kan vi ta ein liten avstikkar for å sjå ruinane frå Nesbøsetrane.  Vidare tek vi no av frå Langevatnet og det vert ei lita oppstigning mot punktet der vi rundar Kjekallvågen heilt innerst. Her kan det vere fint å ha lunchpause og kunne nyte ei fantastisk utsikt utover mot havet. Deretter går turen utatt på sørsida av Kjekallvågen, slik at vi føl høgdene utover langs vågen, til vi til slutt går nedatt mot Dyrdal. Der endar turen og vi arrangerer kjøring av sjåførar tilbake til Einestrand.

Vi oppmoder alle deltagere om å følge smittevernsreglene mht Covid-19. 

Turen er ein nokså krevande tur. Tek ca 6 timar, og har 700 m stigning.

Mat, drikke og utstyr: Ta med det du treng for ein dagstur. Mat, drikke,litt ekstra energimat og  ekstra varmklær kjem alltid godt med.

Generelle vilkår for å delta på tur – må lesast av alle deltakarane: Les generelle vilkår 

Turane er gratis for medlemar i DNT og kr 100,- for å ikkje-medemar. Me oppmodar turgåarane til å støtte turlaget ved å melde seg inn i DNT. Meld deg inn her om du ønskjer medlemskap.

Kart: Kart og turutstyr kan kjøpast i turinformasjonen i Marken. Rabatterte priser for medlemmer. (Skriv gjerne hvilket kart som brukes på turen).

Om DNT sin standard gradering av turar.

 

Kjekallvågen rundt

Bli med til ei turperle i Nordhordland:  Kjekallvågen rundt Oppmøtestad: Einestrand/Masfjorden Oppmøtetidspunkt: Søndag 14. juni 2020 kl. 10.00 Turleiarar:  Kari Sauer og Arnhild Hatland Tlf.91 33 48 20  Turskildring: Turen startar på Einestrand, sjå kart under. I ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kari Sauer
  • Arnhild Hatland