Avlyst Til Kårtveit med Onsdagsgruppa

Fellestur

Dato
10. juni kl. 10:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag , Fjell Turlag Seniorgruppa
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Beklager! Turen er avlyst. Håper vi kan gå den ved ein seinare anledning utan smittevernreglar som vi har no i desse koronatider.

Så lenge det er smittevernreglar for deltakarar på tur kan vi m.a. ikkje oppmode til samkjøring i eit mindre tal bilar. (Sjå generelle vilkår heilt nede i teksten.)

 

Dette vert siste tur før sommarferien for Onsdagsgruppa.

Oppmøte på nedre parkeringsplass ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

Vi kjører til Fjæreide og parkerer ved sida av vegen der vi ofte har parkert. Då vert det litt å gå på asfalt til same utgangspunkt som når vi går kortaste sti til Saufjellet. På denne stien skal vi ganske snart ta av til høgre ved skilt til Kårtveit. Her er ein gamal sti mellom Fjæreide og Kårtveit.

Nokre våte parti i stien, utanom det er det ganske lett å gå. Vi går også på berg. I Midtmarka kan vi nyte fin natur.

Når vi kjem til Kårtveit skal vi gå til Randi og Harald Kårtveit sin hage. I juni blomstrar både Rhododendron og andre blomar så hagen vert fin å besøkje. Då er det berre å ønskje oss godt, fint ver. Matpausen tek vi i marka eller i hagen. Vi ser kva som passar.

Vi må betale for å besøkje denne fine hagen.

PRIS: For medlemmer av turlaget vert det denne gang ein medlemsfordel. Turlaget ordner opp. Ikkje medlemmer betaler kr. 50.- pr person.

Vil du bli medlem? Du kan lese om medlemskap her:

Hugs mat og drikke! Kle deg etter slik veret er denne dagen. Bruk sko som tåler vatn, sjølv om det er i juni så kan der vera vått.

 

Meir informasjon om berekna tidsbruk m.m. kjem seinare.

 

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Til Kårtveit med Onsdagsgruppa

Beklager! Turen er avlyst. Håper vi kan gå den ved ein seinare anledning utan smittevernreglar som vi har no i desse koronatider. Så lenge det er smittevernreglar for deltakarar på ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Ove Foldnes
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik