Seniortur - Bjellandsneset

Fellestur

Dato
11. november kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


Det blir frammøte ved det gamle meieriet på Sunde.

Vi startar turen over Bjellandsbrua og går ned i Bergslagen der Kjell Magne Stråbø møter oss. Han vil fortelja om Lars og Kara Tveit som saman med sønene sine dreiv båtbygging i Bergslagen. Det blir orientering om arbeidet som alt er gjort, og det som er planlagt for å ta vare på skipsbyggingsmiljøet der.

Turen vidare går mot Vardhaugen og den gamle husmannsplassen Holo, deretter mot Storarøyso og Åsgardsholmen i Krabbahopen. Der tek vi ein matpause før vi går vidare mot Sunde.

Deler av turen går på skogsveg, men mykje på stiar. "Turstiar på Sunde" har utført mykje bra arbeid i området, men det der likevel ein del blaute parti --> bruk gode sko !

Tidsbruk: ca 4,5 time

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Det gamle meieriet på Sunde kl. 10:00
  • Turkarakter:  BLÅ  - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Jan Helge Opsanger og Jan Martin Skaaluren
  • Vandringa:
    • Distanse: 7 km
    • Høgdeskilnad: 50 meter
    • Tidsbruk: 4,5 timar

 

Seniortur - Bjellandsneset

Det blir frammøte ved det gamle meieriet på Sunde. Vi startar turen over Bjellandsbrua og går ned i Bergslagen der Kjell Magne Stråbø møter oss. Han vil fortelja om Lars ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Helge Opsanger
  • Tlf. 995 74 139

Turledere:

  • Jan Helge Opsanger
  • Jan Martin Skaaluren