Avlyst Seniortur - Kalvedalshytta

Fellestur

Fra dato
24. juni kl. 08:15
Til dato
26. juni kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Seniorgruppa i Kvinnherad
Turområde
Nordhordland (se kart)
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.


Det blir frammøte på ferjekaien på Årsnes kl. 08:15 for avreise med ferja kl. 08:30.
Frå Gjermundshamn køyrer vi til Nordhordland og Romarheimsdalen der vi tek av til Stussdalen.

Det er fleire stiar som fører fram til Kalvedalshytta, men vi skal nytta den kortaste som går frå Stussdalen. Frå parkeringsplassen er det 3 km å gå på skogsveg, deretter ca 5,5 km på sti fram til hytta. Vi startar på 200 moh og hytta ligg på 430 moh. Men sidan det vert litt opp og ned, får vi ca 480 høgdemeter med motbakkar.

Kalvedalshytta ligg i Eikefetvassdraget Nordhordland mellom Romarheimsdalen og Masfjorden.
Hytta er sjølvbetjent og har saman med sikringsbua 24 sengeplassar.

Kalvedalshytta var ny i 2001, og vart påbygt med sikringsbu og modernisert i 2018. Den har straum frå solcellepanel og oppvarming med vedomn. Hytta ligg ved Storavatnet, og der er det høve til bading og fisking, og ein kan nytta både båt og kano. Hytta er også tilrettelagt for at ein kan ha inntil to hundar med seg, plassering i sikringsbua.

Som nemnt ovanfor er det ei sjølvbetjeningshytte, så her steller vi oss sjølve med felles måltid. Det er tilgang på proviant i hytta, men vi bør ta med oss litt brødmat.
Torsdagen skal vi nytta til å gå turar i området, fredag er det retur.
Det er typisk vestlandsterreng på denne turen, så vi tilrår deltakarane å bruka gode fjellsko...

På denne turen er det plass til 18 deltakarar, og vi må ha påmelding.
Turavgifta må betalast ved påmeldinga. Ved ev. avmelding seinare, vil du få beløpet (minus ei avgift) tilbakebetalt...
Du finn meir om dette her: Generelle vilkår ved påmelding --> Les generelle vilkår

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Påmelding:    Via den raude knappen til høgre på denne sida.
  • Frammøte:    Årsnes ferjekai kl. 08:15
  • Turkarakter:  BLÅ / RAUD - Middels / litt krevjande tur
  • Turleiarar:     Jan Helge Opsanger og Steinar Kroka
  • Turavgift:       Kr. 700 for medlemer i DNT, kr. 950 for dei som ikkje er medl.
    • Turavgifta dekkar to overnattingar.
    • Kostnad for maten på hytta blir fordelte på deltakarane på bakgrunn av uttak.
    • Deltakarane må sjølve syta for transporten, men turleiarane vil hjelpa til med samordning etter behov.

 

Seniortur - Kalvedalshytta

Det blir frammøte på ferjekaien på Årsnes kl. 08:15 for avreise med ferja kl. 08:30. Frå Gjermundshamn køyrer vi til Nordhordland og Romarheimsdalen der vi tek av til Stussdalen. Det ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Helge Opsanger
  • Tlf. 995 74 139

Turledere:

  • Steinar Kroka
  • Jan Helge Opsanger