Seniortur - Ingahogg

Fellestur

Dato
10. juni kl. 09:30 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


Turen startar frå den nedre parkeringsplassen (ved hyttene) før ein kjem opp til sjølve skisenteret.
Vi går opp til den øvre enden av skitrekket, og derifrå følger vi stien opp til Ingahogg 965 moh. Lia opp langs skitrekket kan vere noko blaut, men vidare oppover går turen mykje på berg og grus.

På toppen vil vi i godver ha eit flott utsyn, og litt nedanfor varden kan vi sjå etter eit gamalt klebersteinsbrot.

Om ver og føre tillet, går vi vidare sørover om lag ein kilometer før vi legg kursen mot nord-nordaust ned mot Nautavatnet og derifrå mot Fagnabotn.

Ned mot Nautavatnet er det ein forholdsvis frodig vegetasjon som her og der dekker over grovsteina ur. Frå Nautavatnet og nedover Fagnabotn er det óg myrlendt somme stader.

VEL MØTT 😊

 

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

  • Frammøte:    Fjellhaugen Skisenter, nedre parkeringsplass kl. 09:30 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Sigmund Spjelkavik og Kåre Haugse
  • Vandringa:
    • Distanse: 8 km
    • Høgdeskilnad: 500 meter
    • Tidsbruk: 5 timar + pausar.

 

Seniortur - Ingahogg

Turen startar frå den nedre parkeringsplassen (ved hyttene) før ein kjem opp til sjølve skisenteret. Vi går opp til den øvre enden av skitrekket, og derifrå følger vi stien opp til ...

Kontaktinformasjon:

  • Sigmund Spjelkavik
  • Tlf. 911 09 732

Turledere:

  • Kåre Haugse
  • Sigmund Spjelkavik