Seniortur - Valedalen

Fellestur

Dato
14. oktober kl. 10:00 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna, Sunnhordland (se kart)


På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av haustens turar:

  • Det blir obligatorisk påmelding for alle turar.
    Dette skjer via den raude knappen på sida for kvar turomtale (turlaget si heimeside).
    (Ta kontakt med turleiaren dersom du har problem med påmelding via nettet eller dersom du vil melda deg av etter ei påmelding).
  • Vi set ei grense på 50 deltakarar for kvar tur.
  • Det blir ikkje samordning av transport, kvar deltakar må sjølv koma seg til startpunktet for turen.
  • Ved frammøte blir det namneopprop, vi har krav om å ha kontroll over kven som er med.
  • Ved frammøte og på sjølve turen må alle halda minimumsavstand på 1 meter til andre personar.
  • Kvar deltakar må ha god allmentilstand og ha med seg håndsprit.


I turprogrammet står det tur til Holmedalsfjellet denne datoen, men ligg av gårde til Valedalen i staden.

Frå frammøtestaden går vi på skogsveg og sti opp Olderbotn der vi tek ein liten kvilepause ved den restaurerte hytta.
Ovanfor hytta tek vi til høgre ved sti-delet og går opp til Halvgjenge der vi svingar til venstre inn på Fjellstien retning Valedalsvatnet. Her kan det vera ein del fuktige parti, hugs gode sko.

Inne ved Valedalsvatnet tek vi matpause før vi returnerer via den nye anleggsvegen. Ved Elvadammen tek vi stien/snarvegen som vert kalla Kvekarvegen. Den møter skogsvegen lenger nede, og vi passerar seinare Bjørkedalsdammen som for tida er tappa ut. Nedanfor vegbommen går vi over elva bort til utgangspunktet.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    Ovanfor Søsterheimen, Valen kl. 10:00 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Kjell Ivar Bjørgen og Jan Martin Skaaluren
  • Vandringa:
    • Distanse: 9,5 km
    • Høgdeskilnad: 400 meter
    • Tidsbruk: 4,5 timar + pausar.

 

Seniortur - Valedalen

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av haustens turar: Det blir obligatorisk påmelding for alle turar. Dette skjer via den raude ...

Kontaktinformasjon:

  • Jan Martin Skaaluren
  • Tlf. 917 26 614

Turledere:

  • Kjell Ivar Bjørgen
  • Jan Martin Skaaluren