Seniortur - Sandvikehorga, Varaldsøy

Fellestur

Dato
19. mai kl. 08:40 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)
Dette arrangementet er over!

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av turane våre:

  • Det blir obligatorisk påmelding for alle turar.
    Dette skjer via den raude knappen på høgre sida her, du må klikka deg gjennom feire trinn. Vellukka påmelding blir stadfesta i e-post rett etterpå.
    (Ta kontakt med turleiaren dersom du har problem med påmelding via nettet eller dersom du vil melda deg av etter ei påmelding).
  • Det blir ikkje samordning av transport, kvar deltakar må sjølv koma seg til startpunktet for turen.
  • Ved frammøte blir det namneopprop, vi har krav om å ha kontroll over kven som er med.
  • Ved frammøte og på sjølve turen må alle halda minimumsavstand på 1 meter til andre personar.
  • Kvar deltakar må ha god allmentilstand og ha med seg håndsprit.

Frå Årsnes skal vi ta ferja kl. 09:00 via Gjermundshamn.

Varaldsøy køyrer vi mot Øyarhamn, og etter ca. 7 km kjem vi til Svartavatnet der vi parkerar langs vegen.

Stien opp til Sandvikehorga har nokre våte parti, og ca. 60 høgdemeter går gjennom bratt og steinete ur. Vi tilrår difor at deltakarane brukar gode sko.

Oppe på toppen 534 moh, opnar det seg ein fantastisk utsikt i alle retningar. Vi ser innover Hardangerfjorden med bygdene på begge sider, og Folgefonna. Utover ser vi Kvinnheradsbygdene og deler av Sunnhordland.
Hildur Øvsthus vert med som lokalperson og fortel om Varaldsøy...

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    Årsnes ferjekai 08:40 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen, men deltakarane må sjølve syta for transporten inkl. ferja
  • Turleiarar:     Solveig Sandvik og Arnt Orholm
  • Vandringa:
    • Distanse: 4,6 km t/r
    • Høgdeskilnad: 250 meter
    • Tidsbruk: 3 timar + pausar.

 

Seniortur - Sandvikehorga, Varaldsøy

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av turane våre: Det blir obligatorisk påmelding for alle turar. Dette skjer via den raude knappen på ...

Kontaktinformasjon:

  • Solveig Sandvik
  • Tlf. 416 91 324

Turledere:

  • Solveig Sandvik
  • Arnt Ludvik Orholm