Seniortur - Mogen turisthytte

Fellestur

Fra dato
31. august kl. 08:00
Til dato
4. september kl. 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Seniorgruppa i Kvinnherad
Turområde
Hardangervidda, Telemark - Lifjell (se kart)


Mogen turisthytte er målet for seniorgruppa sin store hyttetur dette året.

Vi køyrer over Haukeli, i Rauland tek vi av mot Rjukan og køyrer til Skinnarbu.
Der parkerar vi mot kr. 50,- i parkeringsavgift pr døger.
Vidare er det ein flott båttur på 1 ½ time til inste enden av Møsvatnet. Frå kaien er det ca 150 meter å gå til Mogen Turisthytte, der vi skal overnatta i 4 netter. Det blir oppreidde senger så du slepp å ta med sengkle.

Under opphaldet vert det dagsturar i nærområdet. Hyttevertane reklamerar med at dei har det mest varierte dagsturterreng på heile Hardangervidda, så her finn vi nok noko som passar for oss også. Dagsturane vert ikkje planlagte i detalj på førehand, vertilhøva blir litt avgjerande for våre valg. 

Mogen turisthytte er ei betjent hytte som  er kjent for tradisjonsmat med kortreiste råvarer. Så her vil vi med spenning gå til duk og dekka bord.
På denne linken finn du meir info om hytta og turområdet: Mogen turisthytte

Vi vil ikkje få avklaring på endeleg kostnad for opphaldet før enn i februar. Då vil opplysningane bli lagt ut her og det vil bli opna for påmelding, truleg frå 1. mars.

Antal turdeltakarar er avgrensa til 23, og det vil bli påmelding via denne nettsida.
Turavgifta må betalast ved påmeldinga. Ved ev. avmelding seinare, vil du få beløpet (minus ei avgift) tilbakebetalt...
Du finn meir om dette her: Generelle vilkår ved påmelding --> Les generelle vilkår

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Påmelding:    Via den raude knappen til høgre på denne sida.
  • Frammøte:    Blir avtalt seinare
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turleiarar:     Marita Handegard og Jan Helge Opsanger
  • Turavgift:       Kr. xxxx for medlemer i DNT, kr. xxxx for dei som ikkje er medl.
    • Turavgifta dekkar fire overnattingar og full pensjon.
    • Deltakarane må sjølve syta for transporten til/frå Skinnarbu, parkering, samt båtbilletten over Møsvatn (I 2019 kosta denne billetten kr. 560,-)

 

Seniortur - Mogen turisthytte

Mogen turisthytte er målet for seniorgruppa sin store hyttetur dette året. Vi køyrer over Haukeli, i Rauland tek vi av mot Rjukan og køyrer til Skinnarbu. Der parkerar vi mot ...

Kontaktinformasjon:

  • Marita Handegard
  • Tlf. 952 75 478

Turledere:

  • Jan Helge Opsanger
  • Marita Haugse Handegard