På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av haustens turar:
Parkering: Truleg enklast på baroniet sin P-plass. (NB: Ingen parkering ved brannstasjonen.)
Frammøte i Steinparken kl. 10.00 der vi får sjå det nye flotte aktivitetsbygget, Dinosaurhuset og Øystein Skaala viser oss rundt og fortel om parken.....
Frå Steinparken går vi opp til Kalvatre og vidare langs røyrgata som fører vatn til Skålaverket kraftverk.
Før inntaksdammen tek vi ein kort sti opp til skogsvegen som går mot Åsvodl, og denne føl vi vidare innover Skåladalen til Ludnabekk og brua «Dinglo» som kryssar Melselva.
På andre sida av elva er det kort sti til skogsveg som går til Myrdal, men vi svingar til høgre og går nedover til Kletta. Der tek vi stien ned til inntaksdammen og tilbake til Steinparken.
Vi hadde planlagt å avslutta turen (og sesongen) med ei matøkt slik som vi har gjort dei siste åra. Men det vert no registrert ein sterkt aukande koronasmitte i landet, og vi vil følgja føre/var- prinsippet. Difor sløyfer vi denne serveringa og satsar på ein matpause ute i naturen med kvar si niste slik som vanleg.
Sjølv om du ikkje får servert mat, håpar du likevel blir med oss på ein fin tur denne dagen...
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊