Seniortur - Strandasetra

Fellestur

Dato
28. oktober kl. 10:00 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)


Frammøtestaden er i Rosendal, der samlast vi i færre bilar sidan det er avgrensa med plass der vandringa startar.

Vi går frå Geitebu innanfor Løfallstrand, der vi skal følgja Hyttelivegen. Dette er ein skogsveg med god standard, men litt bratt. Midt oppe i lia 290 moh deler vegen seg, og på opptur tek vi til venstre retning toppen Dum.

Ved vegenden får vi ein etappe i terrenget for å koma oss fram til Strandasetra 580 moh, der det vil høva å ta matpausen.
Turen ned att går først 350 meter på sti, deretter på skogsveg heilt ned.

Det kan vera noko myrete der vi skal gå i terrenget, bruk gode sko...

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
 

  • Frammøte:    Parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 10:00 
  • Turkarakter:  BLÅ - Middels tur
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Helen Sandvik Røssland og Kåre Haugse
  • Vandringa:
    • Distanse: 6 km
    • Høgdeskilnad: 520 meter
    • Tidsbruk: 4 timar + pausar.

 

Seniortur - Strandasetra

Frammøtestaden er i Rosendal, der samlast vi i færre bilar sidan det er avgrensa med plass der vandringa startar. Vi går frå Geitebu innanfor Løfallstrand, der vi skal følgja Hyttelivegen. Dette ...

Kontaktinformasjon:

  • Kåre Haugse
  • Tlf. 482 27 242

Turledere:

  • Kåre Haugse
  • Helen Sandvik Røssland