Avlyst Frå fjell til fjord: Runderabben - Norddalen - Ortnevik

Fellestur

Fra dato
8. august kl. 09:00
Til dato
9. august kl. 20:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Topptur, Hyttetur, Fråfjelltilfjord
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst.

Nordhordland Turlag inviterar til ein av dei finaste turane i vestre Stølsheimen. Vi går til topps til Runderabben 1292 m.o.h i Modalen, som er det høgste fjellet i Nordhordland. Deretter går vi til Norddalen turisthytte til ein betre middag og overnatting. Søndag står ein ny drømmetur føre oss. Du vil ikkje gløyme den spektakulære utsikten når vi fer ned frå barske høgfjellet og ned til Ortenvik ved Sognefjorden. Bli med og sikre deg ein tur som kan verte blant høgdepunkta i 2020!

Skildring av turen:

Felles oppmøte på Ostereidet på parkeringsplassen til Rema 1000, kl. 09.00.

Me reiser inst i Modalen og opp anleggsvegen til Åsebotn. Då er me allereie på ca. 940 moh. Herifrå går turen langs varda og merka rute ved Austabotnvatna, ein roleg og slakk trase til me møter T-merka ruta mellom Norddalen og Solrenningane. Her kan me leggje ifrå oss sekkane for å ta ein avstikkar til topps til Runderabben.

Runderabben er det høgste fjellet i Modalen og i Nordhordland, og blant dei høgaste i heile Stølsheimen. På klare dagar kan ein sjå renna av Sognefjorden og Jostedalsbreen. På sørsida kan me ane Folgefonna, og rett vest er det havet som møter oss. 

Frå Runderabben går vi ned att same vegen til sekkane våre på T-stien, og dreg mot Norddalen turisthytte, ca. 2 - 2, 5 timars gange.  Turskildring frå Åsebotn til Norddalshytta står her. 

Vi overnatter på Norddalshytta, ei sjølvbetent turisthytte. Eit flott anlegg i barskt, grått høgfjellsterreng.

Søndag står går vi den flotte etappen frå Norddalshytta via Brydalseter– til Ortnevik (15km, 6-7timer). Frå Norddalshytta krysser me elvar på sommerbruer og følgjer vassdrag og kulturminner undervegs. Dyregrava ved elva Strupen er verdt eit stopp. Ved Brydalsfjellet får me eit praktfullt utsikt mot Sognefjorden. Herfrå går det nedover fjellsida til  me kjem til den gamle stølen Brydalseter. Frå Brydalseter fer me vidare ned i dalen til skog, fuglesang og den vakre bygda Ortnevik ved Sognefjorden. Fra Ortnevik kan vi ta snøggbåt til Bergen.

Vi vil organsiere transport til Åsebotn og frå Ortnevik. Meir informasjon og pris på transporten kjem etterkvart.

VilkårSjå generelle vilkår

Mat: Du må ha med niste og drikke til laurdag og energimat som nøtter, kjeks sjokolade og lignande til turen begge dager. Felles middag lørdag og frokost og matpakke søndag lager vi sammen av mat fra hytta sitt proviantlager. Mat på hytta er inkludert i deltakaravgifta. Hytta har  eit utval av langtidshaldbar mat, men brød, ferskvarer og eventuelle anna mat og drikke må du ta med etter ønskje.

Utstyr: Sjå Turlagets utstyrsliste for sommerfjellet.

Pris: Kr. 700,-  for medlemar, kr. 1100- for ikkje-medlemar. Meld deg inn her dersom du ikkje er medlem . Prisen inkluderar turleiing, overnatting og mat på Norddalshytta. Sikkerhetsutstyr koordinerast av turleiar. Transport til Åsebotn på laurdag, og frå Ortnevik er ikkje rekna med i prisen.

Frå fjell til fjord: Runderabben - Norddalen - Ortnevik

Nordhordland Turlag inviterar til ein av dei finaste turane i vestre Stølsheimen. Vi går til topps til Runderabben 1292 m.o.h i Modalen, som er det høgste fjellet i Nordhordland. Deretter går ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Knut Espetvedt