Vårskitur Folgefonnhalvøya på langs frå Utne til Åkrafjorden

Fellestur

Fra dato
21. mai kl. 08:00
Til dato
24. mai
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Folgefonna
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fjellsportgruppa i Kvinnherad
Turområde
Folgefonna (se kart)

Lang og krevjande skitur, 4 dagar med 3 netter i telt. Undervegs på denne turen vil deltakarane oppleva fantastisk utsyn over grøne liar, fjordar, fjell og heilt ut mot havet. Vi ser dei kjende landemerka Hardangerjøkulen og Hårteigen medan du føler du går rundt Tveitakvitingen.

Etter tidleg oppmøte og fellestransport til Utne går me opp ved Grimsnuten og mot Solnuten for telting. Dag to går me over Torsnuten, mot Revavatna og inn på Nordre Folgefonn. Me kryssar denne og går vidare mot Svartedalshorgja og ned mot Kvitnadalen for ny natt i telt. Dag tre går me i retning Hundsøyra og Holmaskjera og set kursen rett sør over Søndre Folgefonn. Siste overnatting vert i området mellom Inste Botnane og Blomstølsskardsvatnet. Siste dagsetappe går vi til Borga og ned Sæterdalen til Eikemo og Åkrafjorden. 

Turleiarar: Jarle Røstbø, 992 97 383 og Kåre Frøystein, 482 53 524

Vårskitur Folgefonnhalvøya på langs frå Utne til Åkrafjorden

Lang og krevjande skitur, 4 dagar med 3 netter i telt. Undervegs på denne turen vil deltakarane oppleva fantastisk utsyn over grøne liar, fjordar, fjell og heilt ut mot havet. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Jarle Røstbø
  • Kåre Frøystein