Gjennom Skarvheimen til Aurland 25–35 år

Fellestur

Fra dato
13. august kl. 08:20
Til dato
16. august
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Skarvheimen, Aurlandsdalen
Arrangører
Bergen og Hordaland Turlag, Bergen , Fellestur
Turområde
Skarvheimen (se kart)
Turkode
239

Bli med til Skarvheimen! Her blir det først tre dagar i variert og spennande høgfjellsterreng, før me går ned den ville Aurlandsdalen den fjerde dagen. I tillegg til gode dagsetappar, vert det sosiale kveldar på fine hytter og triveleg samhald undervegs.

Oppmøte og utreise: Bergen jernbanestasjon kl. 0820, avreise kl. 0839 med tog mot Voss, så skifte av buss til Håbakken (Lærdal) og Breistølen (Hemsedalsfjellet). Framme kl. 1307. 

Heimreise: Frå Aurland med buss Øst-Vestekspressen kl. 1926, til Bergen kl. 22.17. 

Krav til alder: Dette er en tur for folk i alderen 25–35 år

Torsdag  – 13 km / 4,5 timar

Turen byrjar frå Rv 52 ved Breistølen (ca. 1000 moh), og første etappe går mot den sjølvbetjente hytta Bjordalsbu (ca. 1570 moh). Her er me i eit karrig høgfjellsterreng, men det bør bli eit bad i Øvre Bjordalsvatnet.

Fredag – 16 km / 5-6 timar

Me byrjar i goldt landskap, går over 1700 moh, og kjem via formasjonen «Helvetet». Etter kvart rundar me nokre fine badevatn, og fell ned i den flotte Fødalen, med utsikt til Systrondsfossen. Målet for er den trivelege og betjente Iungsdalshytta (ca. 1100 moh), kor me får middag og forpleining.

Laurdag – 23 km / 8 timar

Ruta denne dagen er lang, men ganske lettgått. Det er frodig og ope oppover Iungsdalen, me kjem via DNT-hytta Kongshelleren, rundar rett over 1500 moh, forbi Stemmerdalshalli og ned til Steinbergdalshytta. Der tek me rutebuss, ca. 10 minutt, ned til Aurlandsdalen turisthytte Østerbø. Også denne hytta er betjent.

Søndag – 19 km / 7 timar

Så er det Aurlandsdalen. Her går me om Bjørnstigen, som er den brattaste og lengte turen nedover i det ville landskapet. Her er mykje gammal kulturhistorie, men også ferske spor av svære ras i terrenget. Me ser på jettegryter undervegs, og stoppar ved garden Sinjarheim. Nede i Vassbygdi går det buss til Aurland, kor me unner oss eit bad i fjorden, og middag på Vangsgaarden Gjestgiveri som avslutning på turen.

Pakkeliste: DNT si pakkeliste for sommarturar finn du her: https://inspirasjon.ut.no/fjellvett-sikkerhet-utstyr/pakkeliste-for-sommerturen/100776. Ta gjerne med badekle, gåstavar om du har, og husk solkrem.

Vel møtt til tur med oss!

Vennleg helsing turleiarane

Per Olav Opheimshaug og Erlend Baldersheim


Mat: *Ta med ei god matpakke og drikke til første dagen. Alle måltider er inkludert på hyttene. De som ønsker det  tar med fersk brødmat til matpakke/frokost på den selvbetjente hytta Bjordalsbu, da det bare er knekkebrød og havregrøt på selvbetjente hytter. Vi forsyner oss med pålegg fra matlageret. Middag i Aurland på Vangsgaarden er ikke inkludert og dekkes av hver enkelt. 

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: kr 3670,- for medlemmer, kr 4370,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Kost og losji på hyttene er inkludert (*matpakke og brødmat til første dag og overnatting er ikke inkludert og besørges av hver enkelt), middag i Aurland på Vangsgaarden er ikke inkludert. Turledelse og sikkerhetsutstyr er inkludert. Transport til startsted og fra Vassbygdi og hjem er ikke inkludert i prisen.

 Kart og turutstyr: Kart og turutstyr kan kjøpes i tursenteret i Marken. Rabatterte priser for medlemmer.

Gjennom Skarvheimen til Aurland 25–35 år

Bli med til Skarvheimen! Her blir det først tre dagar i variert og spennande høgfjellsterreng, før me går ned den ville Aurlandsdalen den fjerde dagen. I tillegg til gode dagsetappar, ...

Kontaktinformasjon:

  • Bergen og Hordaland Turlag
  • Tlf. 55335810
  • E-post: bht@dnt.no

Turledere:

  • Per Olav Opheimshaug
  • Erlend Baldersheim