Kom Deg Ut-dagen ved Turboplassen

Dette arrangementet er over!

Bli med på Kom Deg Ut-dagen ved Turboplassen. Turboplassen ligg ved trimløypa mellom Foldnes og Hjelteryggen. Turlaget stiller med bålpanne og varm grill. Me deler ut pølser frå Gilde (ein til kvar), frukt og deig til pinnebrød. Ta gjerne med eigen pinne. Ta med niste, drikke og sitteunderlag. Ta på varme klede. Hugs å ta med eigen pose til boss så du kan hjelpe til med å ta bosset med heim igjen etter arrangementet.

Det vert TurTipp i løypa frå Foldnes kyrkje til Turboplassen.

TurTipp må leverast inn innan kl. 13:30. Premieutdeling blir kl. 13:45.

Turbo, maskoten til turlaget, kjem også!

Medlem i Fjell Turlag:  Fjell Turlag er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag. Bergen og Hordaland Turlag er ein medlemsorganisasjon i Den Norske Turistforening. Støtt vårt arbeid for friluftsaktiviteter gjennom medlemsskap. Eit medlemsskap i Barnas Turlag kostar berre kr. 130,- pr år. Kom deg ut - Meld deg Inn! 

Om de teikner familiemedlemskap 2. februar vil barna få tilsendt Turbobamsen.

Arrangementer er gratis og opent for alle. Vel møtt! 

Me takkar Kiwi Ågotnes og Gilde for sponsing.

Kontaktinformasjon: