Kallestad, langs Storavatnet til Kvedna med Onsdagsgruppa

Fellestur

Dato
23. september kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag , Fjell Turlag Seniorgruppa
Turområde
Nordhordland (se kart)

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Vi møter på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

På Fjell kan vi samlast i eit mindre tal bilar og kjøre til Kallestad der vi startar å gå. Ta hensyn til smittevernreglar også ved bilkjøring.

Dette er ein enkel tur som startar på asfalt, litt grusveg og veg for jordbruk e.l. (sjå bilete nr. 3). Ved Storavatnet går vi inn på sti på vestsida av vatnet. Stien er litt småkupert, med enkelte våte parti, og godt merka med gulmaling. 

Lengst ute ved enden av vatnet finn vi Kvedna. Veldig fint og spesielt der ute, tett ved Kørelen.

Hugs å ta med mat og drikke, for her finn vi oss ein plass for matpause.  Kle deg etter slik veret er denne dagen. Ved mykje nedbør i dagane før turen treng du sko/fottøy som held vatn ute.

Turtid ca. 3 timar medrekna kjøring og matpause.

Velkommen på tur!

 

Det er gratis å gå med oss om du er medlem eller ikkje. Veldig kjekt om du vil støtte oss med medlemsskap. Vårt turlag er eit lokallag for Bergen og Hordaland Turlag, les meir om prisar og fordeler her: Melder du deg inn her vert du automatisk medlem i den kommunen du bur i.

Generelle vilkår for vårt lag er som for Bergen og Hordaland Turlag. Les om det her:

 

Kallestad, langs Storavatnet til Kvedna med Onsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Terje Audun Salmo
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik