Havutsikten frå Kårtveitpollen med Onsdagsgruppa

Fellestur

Dato
18. november kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag , Fjell Turlag Seniorgruppa
Turområde
Nordhordland (se kart)

Vi møter som vanleg på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30.

Vert det mange bilar som møter må vi prøve å fylle opp med turgåarane eit mindre tal bilar. Frå Fjell kjører vi til parkeringsplassen ved Kårtveitpollen friluftsområde.

Stien vi skal gå startar på berget ved parkeringsplassen. Vidare går vi på ein del berg, men også våte parti innimellom. Etter ei stund ser vi ein varde der ute ved Havutsikten. Toppen der ute er 42 m.o.h. Litt lenger vest, nedfor varden er det minst ei jettegryte. Denne gang må vi finne den. Vi må også finne oss ein fin lun plass, gjerne med utsikt over sjøen mens vi har matpause.

Ved normal gangtid brukar ein 1,5 time frå parkeringsplassen til varden og tilbake. Vi får i tillegg kjøring, matpause og lengre tur p.g.a. gå til jettegryta. Totalt kan det då bli omlag 3 timar før vi er tilbake til Fjell.

Hugs mat og drikke. Kle og sko deg etter slik veret er denne dagen. Er det isete, glatt ta med broddar.

Velkommen på tur!                      

 

Havutsikten frå Kårtveitpollen med Onsdagsgruppa

Vi møter som vanleg på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30. Vert det mange bilar som møter må vi prøve å fylle opp med turgåarane eit mindre tal bilar. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Sigrid Steffensen
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik