Buførevegen

Fellestur

Dato
29. august kl. 08:00 - 19:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Turtyper
Fellestur, Fottur, Kulturhistorie, Buførevegen
Arrangører
Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fellestur , Odda/Ullensvang Turlag
Turområde
Folgefonna (se kart)

TUR LANGS BUFØREVEGEN REISETE - BOTSVATN, 29. AUGUST

Dette er eit fellesarrangement mellom Odda/Ullensvang Turlag og Kvinnherad Turlag.

(Reservedato er dagen etter, 30. august. Dei påmelde vert varsla om kvelden den 28. august

dersom turen må flyttast eller avlysast.) Vi vil ikkje gjennomføra turen viss veret er dårleg.

Turen startar på Reisete i Vikebygd (Nå/Bleie) om lag 300 moh. og endar på stølen Botsvatn i

Krossdalen ved Jondal. Vi går såleis frå aust mot vest. Dette var vår-retningen for dei som i

tidlegare tider førte buskapen mellom stølsbeitet ved Jondal og heimegardane Kambastad

og Måkastad ved Sørfjorden.

Sidan 2012 har det vore arbeidd med istandsetjing av det gamle kulturminnet som

Buførevegen representerer. Etter initiativ frå Buførevegens vener i Vikebygdkrinsen og folk

frå Jondal har vegen vorte merkt og skilta, og sherpaer frå Nepal har steinsett lange parti av

vegen i liene på aust- og vestsida av fjellet. På høgfjellet  har dei bygd ei rekkje høge

retningsvardar. Det vert rikeleg med tid undervegs på turen til å studera det flotte arbeidet

desse fjellfolka har utført. 

SJØLVE TUREN tek 9 timar, og stien går opp i 1400 meters høgd. Frå Reisete fører først ei

lang oppstiging til Eggje, ca. 1100 moh. før terrenget flatar ut. Oppover lia høver det med

fleire stopp, ikkje berre for å kvila, men også for å nyta utsikta over Sørfjorden, omkransa av

grender og gardar.

Dei neste 300 høgdemetrane til toppunktet inne på høgfjellet, Klokkarane, er slakkare og

gjev flott utsyn mot nordenden av Folgefonna og fjella mot nord og vest. Her skil

Buførevegen lag med Pilegrimsvegen som tek ei litt anna retning. I dette området går ein

etter ei stund på snaufjell eller på lange snøfenner. Frå toppvarden hallar lendet roleg

nedover att, men ein må før den endelege nedstiginga passera ei lita høgd for å runda foten

av fjelltoppen Jonstein. Nedturen til målet, stølen Botsvatn på 660 moh., er ikkje av dei

brattaste.

På bakgrunn av lengda på turen og nokså mange høgdemeter som må forserast, må turen

graderast som ekstra krevjande etter dei vanlegaste graderingskriteria. Vi minner om dette,

men vil ikkje skremma folk bort frå å vera med på turen, for vi går i eit område med natur og

utsyner som kan ta pusten frå ein. Er vi heldige med veret, kan det verta ein makstur, men

forholda i fjellet kan skifta fort. Ein må i alle tilfelle gå med  gode fjellsko, ha med varme og

vindtette klede, lue og vottar i sekken, og regnklede. Nokre vandrarar set pris på gode

stavar i brattlende og på snø.

Avhengig av påmelding vert det sett opp buss frå Austrepollen kl. 0800 og frå Odda (Eitrheim/Boliden) kl.0815 til Reisete og

retur frå Botsvatn kl.1900 til Odda. Det gjeld spesielle korona-tiltak både for bussreisa og sjølve

fotturen. Påmelding til turen på nett. 

Turleiarar:

Kåre Frøystein, 482 53 524 og Eva Grete Rafdal, 959 56 219 frå Odda/Ullensvang t.l.

Anne Kari Enes, 951 96 467 og Hermund Fenne, 917 03 488 frå Kvinnherad Turlag

Pris: turen er gratis for medlemmer, kr. 150,- for andre. I tillegg for alle kjem utlegg til transport.

Buførevegen

TUR LANGS BUFØREVEGEN REISETE - BOTSVATN, 29. AUGUST Dette er eit fellesarrangement mellom Odda/Ullensvang Turlag og Kvinnherad Turlag. (Reservedato er dagen etter, 30. august. Dei påmelde vert varsla om kvelden ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Eva Grete Rafdal
  • Anne Kari Walborg Enes
  • Kåre Frøystein
  • Hermund Fenne