Avlyst Vikåsen med Onsdagsgruppa på Toftøyna, nord i Øygarden

Fellestur

Dato
11. november kl. 10:30 - 14:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag , Fjell Turlag Seniorgruppa
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Avlyst p.g.a. smitteverhensyn.

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for all aktivitet/turar. Navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte: Nedre parkering Fjell kyrkje kl. 10.30. 

Frå Fjell samlar vi oss for samkjøring i eit mindre tal bilar, men ha Covid-19 i tankane med avstand i bilen også her. Bruk gjerne munnbind.

Vi kjører mot nord, veg skilta med 555, så 561 Skjergårdsvegen over Svelgen bru og inn på 5288 Turøyvegen. Vidare eit lite stykke på Turøyvegen for å parkere på ein liten plass der på høgre sida av vegen.

Det er fleire stader å starte på denne turstien, men vi vel å starte frå Turøyvegen. Då går vi rett ut på natursti, inga asfalt å gå på i starten eller slutten.

Turen vår vert ein rundtur, med turtid omlag 4 timar medrekna kjøring tur/retur og matpausen.

Høge punkt på turen vert Jurefethaugen (Jurefethauen) 49.1 m.o.h. og Vikåsen 56 m.o.h. På begge toppane er det fin utsikt. Her ser vi sjøen og havet.

Vi passerer restaurerte skjeneflorar, og er innom Pardalsmyra som er eit fint område tilrettelagt for barn.

Terrenget og stien vi går er litt opp- og nedover bakkar. Kanskje våte parti ved mykje nedbør. Er det isete/frost i bakken kan det vera greit å ha broddar med. Har du dei i sekken er dei lett tilgjengeleg om nødvendig.

Ta med mat og drikke. Kle og sko deg etter veret denne dagen.

Velkommen på tur!

Vi du støtta Sotra Øygarden Turlag med medlemskap? Vi er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag. Som medlem får du fordelar, og du hjelper oss å halda aktivitetane i gang. Les om medlemskap og meld deg inn her:

Generelle vilkår er som for Bergen og Hordaland Turlag. Les her:

Vikåsen med Onsdagsgruppa på Toftøyna, nord i Øygarden

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for all aktivitet/turar. Navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. Oppmøte: Nedre ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Håkon Fjell
  • Anne-Liv Foldnes Bjørsvik