Lyderhorn med Onsdagsgruppa

Fellestur

Dato
2. september kl. 10:30 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Fjell Turlag Seniorgruppa
Turområde
Byfjellene i Bergen (se kart)

Vi møtest på parkeringsplassen ved Fjell kyrkje kl. 10.30, samlar oss i færre bilar, og kjører til ein parkeringsplass ved Skålevik, der ein tursti opp til Lyderhorn startar.

Herifrå er det god stigning i starten, så får vi eit parti med noko slakare og lettare terreng. Når vi nærmar oss toppen, blir det igjen noko brattare stigning opp til varden på 396 moh.

På toppen tek vi nistepause og nyt utsikta. Så tek vi same vegen tilbake til parkeringsplassen.

Hugs sko og klede som er tilpassa ver- og føreforhold denne dagen.

Vi reknar med at turen tek ca. 4 - 5 timar medrekna kjøring og nistepause.

 

Turleiarar: Ove Foldnes,  Tormund Wågø (tlf. 95461175)

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Lyderhorn med Onsdagsgruppa

Vi møtest på parkeringsplassen ved Fjell kyrkje kl. 10.30, samlar oss i færre bilar, og kjører til ein parkeringsplass ved Skålevik, der ein tursti opp til Lyderhorn startar. Herifrå er ...

Kontaktinformasjon:

  • Tormund Wågø
  • Tlf. 954 61 175

Turledere:

  • Ove Foldnes
  • Tormund Wågø