På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.
Oppmøte på Glesvær kai kl. 10.30.
For å koma til Risøyna må ein i båt, og turleiar Halvard ordner med det. Ta med eigen redningsvest. Vi har med ekstra vestar for utlån.
Det vert ein rundtur på øyna for å sjå seg om. Høgste topp er 46 m.o.h. I Kobbavågen er det fin badeplass med sandbotn. Vil du bade? Ta med badeklede.
Vi har matpause der ute på øyna så ta med mat og drikke. Bruk gode sko sidan vi skal gå i terrenget. Kle deg etter slik veret er denne dagen. Dette vert ein fin tur både på sjø og på land.
Turen er rekna til å ta ca. 3 - 4 timar.
Velkommen med på tur!
1.turleiar er Halvard Asbjørn Vorland. Medturleiar er Arthur Selstø.
Alle bileta er frå tidlegare turar på Risøyna
Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag: