Seniortur til Veten frå Førde med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
8. september kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Sotra Øygarden
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte på Førde kl. 10.30. Parkering langs vegen.

Veten er høgste punktet med 284 m.o.h. i tidlegare Sund kommune, no Øygarden kommune. Det er fleire startpunkt/stiar for å koma til Veten. Denne dagen startar turen frå Førde. Turen går på fin sti, men det kan vera våte parti ved mykje nedbør i tida før turen.

Turtid 2- 3 timar. Ta med mat og drikke.

På Veten er det ein kikkert, og ei sikteskive - retta mot fjelltoppar i nabokommunane. Vi kan også sjå eit minnesmerke. I 1948 var det ei Catalina flyulykke her, 13 personar omkom.

Det er filma (filmsnutt av) ein del turar i kommunen. På "Ord i Spreke spor" finn vi film om tur til Veten med startpunkt frå kyrkja på Klokkarvik. Sjå her:

Veten er eit av turmåla i Kystpass 2020. Her kan du klippe i kystpasset ditt og skrive i boka som er i raud turkasse. SjekkUT appen er også fin å bruke. 

Velkommen på tur!

 

Sigrid Venke Fjeld viser veg denne dagen. Kåre Fjeld går bak. Han passar på at alt er vel, og at alle er med i turfølgjet. 

 

Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Seniortur til Veten frå Førde med Tirsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

  • Sigrid Venke Håkonsund Fjeld
  • Tlf. 92422577

Turledere:

  • Sigrid Venke Håkonsund Fjeld
  • Kåre Fjeld