Seniortur til Lerøyna med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
15. september kl. 12:40 - 16:40
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Sotra Øygarden
Turområde
Nordhordland (se kart)

Oppmøte på Klokkarvik ferjekai  kl. 12.40.

Frå ferjekaien tek turgruppa ferja over til Lerøy. Her er det ei turløype/sti rundt Storavatnet. Det er ein lett/enkel tur på noko sti og noko veg.

Turtid er satt opp med 4 timar. 

Turen er ein kystpasstur i Kystpass 2020. Vil du ha klipp i kystpasset ditt så å ta med Kystpass 2020. Her er raud turkasse med bok å skrive i. Sjekk UT appen er også aktuell.

Kåre Fjeld er kjentmann på denne turen og Sigrid Venke Fjeld går bak. Tidlegare har det også vore med lokal kjentmann frå øya. Kanskje vert det også denne gong, og kanskje Lerøy-vafflar? 

Uansett med vafflar eller ikkje: Gled deg til ein fin tur, og velkommen med! 

Hugs å sko og kle deg etter dagens ver. Ta med drikke og ein matbit.

Velkommen på tur!

 

Bileta er frå turen seniorane hadde til Lerøy i september 2019.

Vi må ta hensyn til om vi fortsatt har smittevernreglar. Generelle vilkår som for Bergen og Hordaland Turlag:

Seniortur til Lerøyna med Tirsdagsgruppa

Oppmøte på Klokkarvik ferjekai  kl. 12.40. Frå ferjekaien tek turgruppa ferja over til Lerøy. Her er det ei turløype/sti rundt Storavatnet. Det er ein lett/enkel tur på noko sti og ...

Kontaktinformasjon:

  • Kåre Fjeld
  • Tlf. 45081682