Seniortur til Tyssøyna med Tirsdagsgruppa

Fellestur

Dato
22. september kl. 10:30 - 13:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangører
Sotra Øygarden Turlag, Bergen og Hordaland Turlag , Sotra Øygarden
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind.

Oppmøte: Hald stadion kl. 10.30.

Frå Hald stadion kjører vi til parkeringa rett etter brua til Tyssøyna. Om vi samlar oss i eit mindre tal bilar, ta hensyn til smittevernreglane med avstand. Då kjem vi så tett på kvarandre at det bør brukast munnbind.

Turen startar på asfaltveg men går ganske snart ut i terrenget på austsida av øya.

Etter ei stund ute i terrenget passerer vi Smivågen og vi går vidare til Vestreneset der vi finn raud turkasse. Her kan vi klippe i Kystpass 2020 og andre registreringar sidan dette er ein kystpasstur i Kystpass 2020. Turen går no vidare nordover her på vestsida av øya. Det vert ein fin rundtur. Den er enkel til middels krevjande.

Ta med mat og drikke! Litt sosialt må vi også ha det .... "Uten mat og drikke duger helten ikke" så vi har matpause.

Turen er berekna til 3 timar med kjøring.  

Velkommen på tur!

 

Alle bileta er frå ein tidlegare tur med Sund Turlag.

Generelle vilkår er som for Bergen og Hordaland Turlag:

Seniortur til Tyssøyna med Tirsdagsgruppa

På grunn av Covid-19 må vi som ansvarleg arrangør ha påmelding med navn og kontaktinformasjon i forkant for kvar tur. Det vert navneopprop ved oppmøte. Hugs 1 m avstand, personleg antibac og eventuelt munnbind. ...

Kontaktinformasjon:

  • Rita Sivertsen
  • Tlf. 93427087

Turledere:

  • Sidsel Frøkedal
  • Rita Sivertsen