Kom og bli med på ein kjekk dag i Osa. Kjem Turbo og tru?
I år blir Kom deg ut dagen litt anleis, men ikkje så mykje, me skal fortsatt vera i Osa, nede med sjøen. Me skal ha fiskesprett, kviss med premie, og fyr på bålpanna. I tillegg kjem Ronnie frå Ulvik Fishing, han har med nokre fiskestenger, tippe konkurranse av fiskeslag og eit lite kurs i kast med fiskestong. Dette håpar me blir kjekt.
Alle må sjølve ta med den maten og drikka dei ynskjer i år (dette har med smittevern), men bålpanna står til disposisjon.
Ta gjerne med eigen fiskestong.
2020 er DNT sitt berekraftsår, og me ber om at alle unngår å bruke eingongs servise når dei kjem på KDU, samstundes ber me om at alle tar med seg bos dei finn på sin veg.
Ta med:
- Mat og drikke
- Klede etter veret
- Noko å sitja på
- Fiskestong om ein vil prøve fiskelukka (turlaget har ikkje fiskestenger)
Kansje tar Turbo turen og?
Smittevern:
Alle turar og arrangement i regi av turlaga har påmelding, dette er for å sikkre at ein kan gjere ein evt smittesporing.
Me forheld oss til ei kavar tid til dei gjeldane smittevernsreglane som blir gitt, og kvar familie/hustand skal halde minimum 1 meter avstand.
Osafjorden Foto: Hilde Underdal