Seniortur - Sandvinstølen, Odda

Fellestur

Dato
5. august kl. 10:30 - 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Seniorer
Arrangører
Seniorgruppa i Kvinnherad, Bergen og Hordaland Turlag , Kvinnherad Turlag
Turområde
Folgefonna, Hardangervidda (se kart)
Dette arrangementet er over!


På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av haustens turar:

  • Det blir obligatorisk påmelding for alle turar.
    Dette skjer via den raude knappen på sida for kvar turomtale (turlaget si heimeside).
    (Ta kontakt med turleiaren dersom du vil melda deg av etter ei påmelding).
  • Vi set ei grense på 50 deltakarar for kvar tur.
  • Det blir ikkje samordning av transport, kvar deltakar må sjølv koma seg til startpunktet for turen.
  • Ved frammøte blir det namneopprop, vi har krav om å ha kontroll over kven som er med.
  • Ved frammøte og på sjølve turen må alle halda minimumsavstand på 1 meter til andre personar.
  • Kvar deltakar må ha god allmentilstand og ha med seg handsprit.


Vi møter ved Sandvin, i sørenden av Sandvinsvatnet, ca. 5 km sør for Odda.
Køyr ikkje over brua som fører til gardane, men parker tett i utkøyrsle på venstre (austre) side av hovudvegen.

Vi går på stø og god, men nokså bratt sti (buføreveg), opp lia på veststsida av Sandvinsgardane. Dei har truleg den best bevarte stølsvegen i det som i 2019 heitte Odda kommune, med mektig utsyn mot Sandvinsvatnet, Sørfjorden og fjellsida med Rossnos (1401 moh.) og den flotte Tjørnedalsfossen på andre sida av dalen.

Det er omlag 2 timar gange opp 500 høgdemeter til heimste stølen, Lauvås.
Dette er ein idyllisk støl med grøne vollar og fleire sel og hytter heilt på grensa til nasjonalparken. Ta med drikke for turen opp. Rikeleg med vatn på stølen.

Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊

NB! Dersom det vert fuktig ver, vil vi vurdera å endra turmålet til Jordalstølen (Fossasete). Då vil frammøtestaden bli endra til Odda, men i så tilfelle vil deltakarane som er påmelde, få melding om dette dagen før...

  • Frammøte:    Sandvin, sørenden av Sandvinsvatnet, Odda kl. 10:30
  • Turkarakter:  BLÅ / RAUD - Middels tur, men noko krevjande pga bratte parti
  • Turavgift:       Ingen
  • Turleiarar:     Hermund Fenne og Helen Sandvik Røssland

 

Seniortur - Sandvinstølen, Odda

På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av haustens turar: Det blir obligatorisk påmelding for alle turar. Dette skjer via den raude ...

Kontaktinformasjon:

  • Hermund Fenne
  • Tlf. 917 03488

Turledere:

  • Hermund Fenne
  • Helen Sandvik Røssland