Tur- og overnatting i hengekøye med DNT ung

Arrangement

Fra dato
24. juni kl. 15:00
Til dato
25. juni kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Ungdom
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Sommardraumen om å sove i hengekøye? Bli med Ung gruppa i Indre Sunnfjord Turlag på hengekøyetur! DNT ung inviterer deg mellom 13 og 18 år til ein overnattingstur ved Bekkjavatnet, onsdag 24. Juni.

Har du ikkje hengekøye?- Det har vi! Berre gi beskjed i påmeldinga! Det å overnatte i hengekøye er ein behageleg måte å sove ute på, ingen harde steinar, eller våte teltdukar. 

Turen startar i Førde sentrum utanfor turlagskontoret kl 15.00. Vi går i samla gruppe herifrå opp mot Bekkjavatnet, forbi Flatene. Når vi har kome opp til vatnet, skal vi finne ein stad å lage camp. Det vert felles middagsmåltid, gryterett. Hugs å ta med noko å ete med. Vi nyt kvelden og hygger oss, kanskje nokon vil teste temperaturen i vatnet? Avreise frå camp kl 11.00 dagen etter.

Her kan du sjå ein enkel introduksjon om korleis ein søv i hengekøye utehttps://www.youtube.com/watch?v=zw3cJ9Fr8ps 

Praktisk: Ved overnatting treng ein liggeunderlag og sovepose. Sjølv om det er sommar kan det bli kjøleg på natta, hugs varme kle. Ta med mellommåltid, snacks til kvelden og frukost til dagen etter. Viktig at alle har med skål og bestikk å ete av. Ha med ei lita personleg flaske med antibac.  Pakketips: https://www.tursostre.no/2017/08/16/pakkeliste-til-en-natt-i-naermarka/  

Føler du deg dårleg, må du halde deg heime

Tur- og overnatting i hengekøye med DNT ung

Sommardraumen om å sove i hengekøye? Bli med Ung gruppa i Indre Sunnfjord Turlag på hengekøyetur! DNT ung inviterer deg mellom 13 og 18 år til ein overnattingstur ved Bekkjavatnet, onsdag 24. Juni. Har du ...

Kontaktinformasjon: