Til høgaste fjell i Alver, Sørdalsnuten, med ordføraren

Bli med turlaget og ordførar Sara Hamre Sekkingstad til topps i Alver.
Søndag 16. august 2020 inviterar Nordhordland Turlag til tur  på høgaste punktet i Alver kommune, Sørdalsnuten 957 moh .

NB. Turlaget har hyttevert på Skavlabu Turisthytte fra lørdag til søndag. Du kan overnatte der for så å bli med på søndagsturen. Mer info om oppholdet på Skavlabu, samt påmelding finner du her

Oppmøtestad: Rasteplassen på Steinareset E 39, rett før ned køyringa mot Matretunellen. Kart 
Oppmøtetid:  kl. 10:00.
Turleiarar: Atle Bondevik telefon 41 55 99 73 
Jan Ivar Berge 91 71 54 87

Frå Steinareset organiserer me samkøyring med privatbilar til Vemundsbotn kraftstasjon. Denne ligg på anleggsvegen frå E 39 til Svartavatn om lag 10 km frå avkøyrsla frå E 39.

Startpunkt for fotturen vert ved kraftstasjonen i Vemundsbotn.
Avgang frå Vemundsbotn vert ca. kl. 10:45.
Turleiarar: Atle Bondevik telefon 41 55 99 73 
Jan Ivar Berge 91 71 54 87

Turskildring: 300 meter etter kraftstasjonen tek me av frå vegen og kryssar elva på
hengebrua som går over der.
Vidare over Moltebærhaugen, der me kjem inn på T-merka løype frå
Skavlabu til Dyrkollbotn. Me tar av frå T stien i vestre enden av Heimste Sørdalsvatnet.
Herfrå går me på merka sti litt oppover fjellet før me går ned i dalen og over Hestefeta.
Me følgjer her grensa til Modalen kommune innover til me kjem til Sørdalseidet.
Så går det bratt oppover til me når toppen  på 957 moh.
Eit fantastisk «rundskue» møter oss.
Ein kan sjå langt i alle himmelretningar. Øygarden og Nordsjøen i vest, Sognefjella i
nord, Vossafjella med masta på Lønahorgi i aust. 
I sør ser me fjella i Vaksdal og Osterøy,heilt sørover mot Sunhordland og Hardanger. Nedafor oss ser me Mo og utetter Osterfjorden.
Turen er på 7 km kvar veg i fint høgfjellstereng. Total stigning vert på ca 600 m.
Tidsforbruk: om lag 3 timar kvar veg, så medrekna pausar vil me bruka om lag 7
timar, og såleis vera tilbake i Vemundsbotn seinast kl 1800.

Sørdalsnuten er ikkje ein spiss fjelltopp, men er eit flatt platå på 950 m over havet. Her
er vanskeleg å finna ly for vinden på toppen, og det kan vera kaldt sjølv om sumaren.
Ta difor med gode klede, og rikeleg med niste for ein lang tur.

Velkomen på tur med Turlaget

Turleiarar og kontaktpersonar:
Atle Bondevik telefon 41 55 99 73 epost: atlbon@online.no
Jan Ivar Berge 91 71 54 87

Til høgaste fjell i Alver, Sørdalsnuten, med ordføraren

Bli med turlaget og ordførar Sara Hamre Sekkingstad til topps i Alver. Søndag 16. august 2020 inviterar Nordhordland Turlag til tur  på høgaste punktet i Alver kommune, Sørdalsnuten 957 moh . NB. ...

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Atle Bondevik
  • Jan-Ivar Berge