Onsdagstur i Nordhordland : Eldsfjellet med både Veten og Varden

Fellestur

Dato
1. juli 2020 kl. 18:00 - 22:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Fottur, Blikjenttur, Fjelltur, Nærtur
Arrangører
Nordhordland Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)
Dette arrangementet er over!

Onsdagsturene i Nordhordland fortsetter denne gong med ein lang god tur til Veten og Varden på Eldsfjellet.

NB! Med påmelding. Kan også gjøres med SMS ved oppmøte

 

Turskildring: 

Onsdagsturen 1.juli vert ein flott tur med fantastisk utsikt frå dei to toppane. Turen er på ca 9 km og vi rekner den tar mellom 3.5 og 4 timer.
Vi satsar på ein lys og fin sumarkveld. Dersom veret ikkje er på vår side vil vi tilpasse turen.

Frammøte ved Rossland Skule, parkeringsplassen forbi grusbana. Her samlast vi i færre bilar og køyrer til Skurtveit der vi har avtalt parkering. Hugs maks 4 personar i bilar med 5 seter, og maks 6 personar i bilar med 7 seter.

Rute:

Vi går frå Skurtveit opp på Veten på Eldsfjellet, der vi tar litt vatn og nyter utsikta mot Herdla og Trollfeltet. Turen opp er på god sti, på vestsiden av Stortjørna. Undervegs er det eit ganske bratt og noko krevjande parti gjennom ei gamal steirøys der ein og må nytte armane eit par steg.  
Etter Veten går me ned att eit stykke same veg som vi kom, før vi held fram mot Varden. Dette er høgaste punktet på Holsnøy(324moh, med stolpe i stolpejakten i år) og vi har flott utsikt mot Masfjorden, Storavatnet og langt opp i Sogn om veret tillet det.

Frå Varden går turen ned i søraustleg retning og krysser Eldsfjellmassivet før vi går ned over berga mot Skurtveit og bilane igjen.

Turleiar/-ar:  Jan-Otto Natland, 90584618

Oppmøtestad: Parkeringa ved Rossland skule. Sjå kart her

Parkering: Rossland skule og Skurtveit etter samling i færre bilar.

Stigning: Ca 480 høydemeter.

Distanse: Ca 9km

Varigheit: 3.1/2 til 4 timar

Gradering av turen: Middels.

Gode stier, ein del bratte skrenter mykje på gange på reint fjell Nesten 500 meter samla stigning og ein del bratte parti.

Ta kontakt med turleiaren om du har spørsmål til tempo og vanskelighetsgrad

Ta gjerne med drikke og noko lett tursnacks.

På grunn av Covid-19  treng vi påmelding på desse turane. Det er tillate med maksimalt 50 personar i følgje. Vi minnar om smittevernreglane: Hald god avstand - 1 meter, og syt for at du har god handhygiene både under transport og på tur. Er du sjuk så må du ikkje vere med på tur. 
Turane er gratis. Vi oppmoder likevel til å støtte opp om dette gratis tilbodet gjennom eit medlemsskap i DNT, Nordhordland Turlag. 

Vilkår: Les generelle vilkår som gjeld for deltaking på alle turane til Nordhordland turlag uavhengig om det er påmelding eller ikkje.

 

 

Onsdagstur i Nordhordland : Eldsfjellet med både Veten og Varden

Onsdagsturene i Nordhordland fortsetter denne gong med ein lang god tur til Veten og Varden på Eldsfjellet. NB! Med påmelding. Kan også gjøres med SMS ved oppmøte   Turskildring:  Onsdagsturen 1.juli ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Jan Otto Natland