NisteLese-tur

Dette arrangementet er over!

I Ulvik er me så heldige at me har Olav H. Hauge senteret som formidlar ikkje berre diktinga til Olav H. Hauge, men og andre nynorskforfattarar. På denne nisteturen har me fått med oss formildlar Guro Ljone derifrå for å lesa til oss mens me et nista/maten vår.

Oppmøte på Tunheim, ved Gauro. Der ifrå går me opp til Mjølstølen, og så ned traktorvegen og bort til gapahuken/gravhaugane.

Her fyrer me i bålpanna, finn fram mat og drikke og høyrer på historien Guro skal lese til oss.

 

Ta med:

- mat (bålmat) og drikke

- noko til å vaske hender med

- klede etter veret

- ein vedkubbe til bålpanna

- kopp/glas/ fat (ikkje eingongs)

Smittevern:

Alle turar i regi av turlaget har påmeldin, dette er for å gjere ein evt smittesporing enklare.

Me forheld oss til ei kvar tid til dei gjeldande smittevernsråda som blir gitt. Alle familiar/husstandar skal halde minimum 1 metter avstand. Foreldre har ansvar for eigne born.

Vel møtt! 

NisteLese-tur

I Ulvik er me så heldige at me har Olav H. Hauge senteret som formidlar ikkje berre diktinga til Olav H. Hauge, men og andre nynorskforfattarar. På denne nisteturen har ...

Kontaktinformasjon: