Hausttur inn i Norddalen - Osa

Dette arrangementet er over!

Turen startar ved parkeringa ved Hjadlane galleri, oppmøte til kl. 12:00.

Me går ned til garen Haugen, og startar turen inn over dalen, husk at me her går gjennom eit bebud tun så vis aktsemd.

Me går no på ei historisk vandrerute som heiter Halingskeidvegen, langs turen vår går me forbi Solskinnstjødnet og koldeholer, me trampar oss over "trolle-bruer" og endar opp ved grindbygget på Osaflorane.

På Osaflorane leikar me, ete maten vår og kansje me utforskar vegen vidare.

Turen høver for alle, det er og råd å nytte barnevogn innover dalen, om ein ikkje har for små hjul.

Ta med:

- mat og drikke, ta gjerne med primusen 

- våtserviettar/handsprit, til handhyggiene

- noko å sitje på

- klede etter veret

Me ber om at alle nyttar seg av fleirgongs servise, og unngår bruk av eingongs. 2020 er DNT sitt bærekraftsår, og derfor ynskjer me at alle turar/arrangement i regi av oss skal vera mest mogeleg bærekraftig.

Smittevern:

Alle våre turar har påmelding, dette er for å sikkre at ein kan utføra smittesporing ved behov.

Me forheld oss til dei smittevernråda som til ei kvar tid blir gitt, og kvar familie/husstand skal halde minimum 1 meter avstand.

Foreldre har ansvar for eigne born.

Hausttur inn i Norddalen - Osa

Turen startar ved parkeringa ved Hjadlane galleri, oppmøte til kl. 12:00. Me går ned til garen Haugen, og startar turen inn over dalen, husk at me her går gjennom eit ...

Kontaktinformasjon: